Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TIL-basar med godt resultat – no med trekingsliste

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Søndag ettermiddag var Todalen ungdomshus rigga for TIL-basar, med både basarbord, barnebord, pilkasting og sal av bakels og graut til kaffen.  Den store stemninga er kanskje ikkje til stades på basarane lenger, med disto større er førehandssalet som går føre seg på Matkroken – og sjølvsagt med bruk av Vipps.  Vi bør vel seie at nye tider krev nye løysingar, og godta denne endringa, for til denne basaren kom det inn 21.950 på førehandssalet – medan det totalt kom det inn litt over 30.000.  Så bygdefolket er da rause til å støtte lag og foreningar.  Så får vi berre godta at noko av den gamle «basarstemninga» kjem bort og at dei sosiale treffpunkta blir forandra og skjer på telefon. 

Flott premie – belønning for deltaking på lagseriestemne på Bordholmen i sommar.  Frå venstre Van Adrian, Markus, Martina, Nathalie Astrid, Natascha maria og Nicole Gunnvor.  Foto Jon Olav Ørsal

Lykkehjulet var ein populær aktivitet – frå venstre Bea, Elea, Natascha Maria og Mathias – så spørs det om dei satsa på rett nanm? Foto Jon Olav Ørsal

Men vi som var der hadde ei triveleg stund, og det var da spennande som vanleg når vi kom til trekkjinga og gevinstane skulle fordelast.  På basaren vart det også delt ut premiar for «Turar i Todalen» – det nye digitale trimopplegget som no har gått eit heilt år.   I løpet av dette året er det registrert 13 817 trimturar totalt.  Dette er fordelt på 138 deltakarar og 27 så det er ein formiddabel innsats som er gjort av bygdas trimmarar.  Søndag kveld vart dei premiert – både dei med flest turar og dei som har vore på alle 27 turmåla.  I tillegg vart det trekt ut 5 personar frå tilfeldige turar.

Premiering av pilkast – frå venstre Nathalie Astrid, Ole Martin, Markus og Mali – lengst til høgre Van Adrian som var pilkastsjef. Foto Jon Olav Ørsal

Premieutdeling var det også for friidrettsaktivitetane (lagseriestemna) som har vore på Bordholmen i sommar.  Her var det flotte pokalar til den enkelte deltakar.  Når det gjelder barn i løpa for siste sesong så vil premiar bli delt ut ved eit seinare høve.

Her har vi lagt ut den komplette trekningslista fra basaren:

 

Litt statistikk – her kan du sjå deltakarar med flest turmå og flest trimturar :

Deltakarar med flest turmål

Deltakarar med flest besøk totalt

 

Først publisert: 6. november 2022, 19:30 - Sist oppdatert: 7. november 2022, 09:05