Basarsøg på Nordvik
Første søndag i advent arrangerte Nordvik Grendalag stor førjulsbasar i Grendahuset. Her var det triveleg og god, gammeldags basar etter eit par år med koronapause.
Vi fann 93 artiklar i dette arkivet.
Første søndag i advent arrangerte Nordvik Grendalag stor førjulsbasar i Grendahuset. Her var det triveleg og god, gammeldags basar etter eit par år med koronapause.
Søndag kveld var det flott markering av julegata på Kvennset – pynta med massevis av lys mellom Hals/Matkroken og Talgø. Det var møtt fram mykje folk for å få med seg tenninga av den flotte julegata. Det var Todalen Bøgdalag som hadde regi på arrangementet, og dei serverte varm kaffe og sørga for loddsal som mellom anna skulle finasiere noko av julebelysninga som i år jhar vore skifta ut.
Tysdag 29. november blir det ny balldag på Todalshytta i Todalen. Som vanleg blir det utbud både på sildball og potetball med tilbehør, så da let vi kunden få det han likar best, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Som vanleg startar serveringa kl 15:00 og går fram til kl 18:30 – Bestill […]
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 28. november kl. 11:00. Start frå Matkroken Todalen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
17. november vedtok Surnadal kommunestyret nye retningsliner for motorferdsel i utmark. Det meste er som før, men nokre viktige endringar vart vedtekne. Med dei nye retningslinene på plass, kan kommunen starte behandlinga av søknader om motorferdsel i utmark for den kommande vinteren. Mange har allereie sendt inn søknad om løyve til å køyre snøskuter og desse vil bli behandla før jul om dei er utanfor verneområde.
For første gong inviterte Todalen sanitetsforening til førjulslunsj på ein laurdag; det vart ein suksess! Det vart fullt rundt borda; bortimot 40 personar møtte fram.
Nordvik Grendalag arrangerer førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 27.november.
Todalen bøgdalag inviterer til tenning av julegata utanfor Matkroken Todalen søndag 27. november klokka 18:15. Det blir servert kaffe og pepperkaker. Det blir også lotteri, der ein allereie no kan kjøpe lodd via Vipps 568828. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive namn på loddkjøpar i meldingsfeltet. Trekning søndag kveld, med kunngjering av trekningslista her på Todalen.no.
Det var i dei dagar då det gjekk ut eit bod med etterlysning av bilete med HalsOil-skjermhuv … har du eit på lager? undrar dagens bilete-redaksjonen på.
Erik Kårvatn hadde sin debut som World Cup-deltakar i dag. Det skjedde i Val Thorens i Franskrike, og avsluttar treningssamliga han har delteke på den siste veka. For Erik vart det eit tøft møte med World Cup sidan han enno deltek i juniorklassen, men starta i da i seniorklassen. Det var han godt budd på, men han har hausta mykje erfaring og veit kvqar han står i høve til seniorklassen.
Å selje adventskalendrar er ein mangeårig tradisjon for Alpingruppa i Surnadal IL. Laurdag 26. november, mellom klokka 10:00 – 11:30, vil Mathial og Ingvild selje adventskalendrar på Matkroken Todalen.
Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.