Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka førjulslunsj i Sanitetshuset!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. november 2022

For første gong inviterte Todalen sanitetsforening til førjulslunsj på ein laurdag; det vart ein suksess! Det vart fullt rundt borda; bortimot 40 personar møtte fram.

Arrangør var Omsorgsberedskapsgruppa i Sanitetsforeninga. Dei har arrangert både middagar og lunsjar gjennom mange år, men da på ørkdagar. No vart lunsjen lagt til laurdag slik at også godt vaksne som framleis er i jobb, kunne vera med på selskapet.

Todalingane held på tradisjonen, det vart «karrabord» og «kvinnfolkbord» på førjulslunsjen, og! Kan hende det er ein god tradisjon!? Rundt bordet: Leif Egil, Bernt, Tor og Johan. Foto: Dordi J H

Eilert og Ingrid syntest maten var god, og at det var kjekt å treffast! Foto: Dordi J H

Den eldste i selskapet var Jenny Sandstad som har fylt 101 år! Men det var fleire godt vaksne her: Ingrid Bergå er 96 år og Bernt Skogtun har fylt 90 år! Dei alle held seg godt!

Omsorgsberedskapsgruppa serverte nydeleg og sunn mat! Her var det godt brød, gode heimelaga salatar, tomatsild, kokte egg, ost, syltetøy, kjøttpålegg og sjølvsagt tomat, agurk, raudbetar. Og maten gjekk unna! Det er godt å få maten servert, og det er godt å ete i lag! Stor takk til kokkane!

Karen Johanne og Jenny. Foto: Dordi J H

Da alle hadde fått forsynt seg godt, vart det loddsalg. Loddsalget gjekk strykande, alle lodd utselde. Det var mange fine gevinstar.

Omsorgsberedskapsgruppa skal ha velfortent ros for ei god og triveleg førjulsstund!

Rundt bordet: Ragnhild, Liv Jorunn, Øystein og John. Foto: Dordi J H

Loddtrekking: Anne Helene, Arndis, Ragnhild og Jorunn Ø. Foto: Dordi J H

Maren Ansnes er leiar i Todalen sanitetsforening. Her er ho i lag med Karen Johanne, Åse og Arndis. Foto: Dordi J H

Jorunn er leiar i omsorgsberedskapssgruppa i Todalen sanitetsforening. Foto: Dordi J H

Publisert: 26. november 2022, 21:04