Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ønska: Bilete med HalsOil-skjermhuv

Guro Redalen Fredag 25. november 2022

I det gode myldret av alt du kan putte jul framfor, kjem det her ei etterlysning som er aktuell kvar einaste dag. Av og til, særleg for dei av oss som likar å zoome godt inn på bileta her på todalen.no, så dukkar det opp eit stasplagg som rykta seier òg har spredt seg over både nye og gamle kommune – og fylkesgrenser. Ja til og med inn i EU. Det er sjølsagt skjermhuvå (òg kjent som caps på utabøgding) pryda med logoen til HalsOil det er snakk om. Oljesvart med kvite og frostveske-grøne detaljar. Universielt utforma, både praktisk og praktfull.

Så oppgåva eller utfordringa er enkel: send oss ditt beste bilete der ei eller fleire HalsOil-skjermhuvå er godt synleg. For: er det berre påfunn eller har plagget vore på tur med lokale høgdemeter, men òg på dei sju hav? Eller er det helst til traktorbruk eller sprading på Stjess?  Dei innsendte bidraga vil blir nytta til dagens bilete, og med det har du òg sjanse til å bli kåra til månadens bilete for desember.

Ps: Berre for at det ikkje skal bli total forvirring så er sjølsagt andre bidrag til dagens bilete i desember julehjarteleg velkomne! 

Adressa er som før: red@todalen.no 

Foto: Terje Nordvik, henta frå dagens bilete-arkivet

Publisert: 25. november 2022, 16:44