Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart og WC-debut for Erik

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2022

Erik Kårvatn hadde sin debut som World Cup-deltakar i dag. Det skjedde i Val Thorens i Franskrike, og avsluttar treningssamliga han har delteke på den siste veka.  For Erik  vart det eit tøft møte med World Cup sidan han enno deltek i juniorklassen, men starta i dag i seniorklassen. Det var han godt budd på, men han har hausta mykje erfaring og veit kvar han står i høve til seniorklassen.

Her i Val Thorens arrangeres World Cup – starten på ein ny skisesong for Erik & Co. Foto fra ISMF

Erik har forresten ikkje fått trena sprint i haust på grunn av akillestrøbbel, så han var godt nøgd med gjennomkjøringa i dag.  I Val Thorens deltek han saman med kollega Hans Inge Kleppe. Kleppe klarte med eit naudskrik å kvalifisere seg, men rauk ut i 1/4-finalen. 

Dei to kom frå treningssamling med høgdetrening under Matterhorn, og har no reist gjennom flotte alpelandskap hit til Val Thorens på turen heim att.  – Erik skal direkte attende til Meråker, der han studerer idrettsfag på høgskulen.  Vi får vel høyre meir frå dei to utover vinteren reknar vi med. 

 

Publisert: 25. november 2022, 11:33