Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2022

Vi fann 73 artiklar i dette arkivet.


Mykje nedbør – fare for flom og ras onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar, gjennom si varslingsteneste varsom.no, om store nedbørsmengder i form av regn onsdag, torsdag og fredag. Dette gjer at det er sendt ut varsel om fare for flom, snø- og jordras i Surnadal kommune. På onsdag er farenivået for snøras i utsette fjellområde på raudt nivå, medan jordras og flom er sett til oransje nivå, noko som betyr nest høgaste nivå for slike varsel. 


Barn i løypa tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Tysdag 11. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 


Trollheimen Fjellsportklubb: Fin og lærerik dag i fjellet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2022

Vi har hatt en bra kursdag i fjellet, med praktisk instruksjon om ting som det er nødvendig å kunne dersom du skal drive med randonee.  – Vi har blant annet lært om veivalg, basis skredvett, gå-teknikk og bruk av sender/mottaker i skredredning, seier Arnt Owe Røed som var instruktør. Han skryter av ungdommene som deltok på kursdagen og skryter også av været og føret fjellet bydde på. 


Tydalsnebba – utfartsdag utan like

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2022

Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen.  Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.


Fine turforhold i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. januar 2022

Leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, melder driftsstyre vinteranlegg i idrettslaget har køyrt opp løyper både for ski og fotturar i Toåa tursti. Det er også køyrt opp skiløyper på Kvennset og oppover bygda, og ho melder om skikkeleg fine forhold for å komme seg ut på tur i løpet av helga. 


Rekordmange fellesturer med KNT i 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. januar 2022

I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) no i føremiddag, får vi oversikt over alle fellesturane KNT kan tilby i 2022. Aldri før har turistforeninga hatt så mange fellesturar på programmet, så dette året er det gode moglegheiter for å kunne bli med på tur. 


Tømmekaldender – hushaldningsavfall 1. kvartal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 5. januar 2022

Vi har no lagt inn Remidt sin tømmekalender for hushaldningsavfall for 1. kvartal i aktivitetskalenderen vår. Vi vil i god tid før 2. kvartal tek til, legge inn tømmekalenderen for 2. kvartal. Når det gjeld sortering av hushaldningsavfall, tømmekalender og andre spørsmål knytt til renovasjon, kan du gå inn på remidt.no. 


«Og store og småe fraus nasan sin blåe»

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2022

Litt «hustre» vart det nok for deltakarane på «Barn i løypa» da Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte skileik for både småe og store på Tjønnmyran måndag kveld.  Men om kvikksølvet kraup nedover til 8-9 minusgrader så var det ingen som gjorde sure miner av det.  Det var berre å spenne på seg skiene og ta seg ein tur ut i sporet, så fekk ein opp både steamen og varmen.  Rekordarta deltaking var det også, og på bildet vart alle borna med, minus 2 som kjem på neste bilde.  


Båt i drift – ukjent eigar?

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2022

Vi har fått eit bilde og info om båt i drift ved Todalsøra.  Det er uvisst kven som er eigar, med det bør aksjonerast før det blir mørk – eller båten driv til havs?  Det er ein god del vatn i båten, blir vi fortalt. 


Randonee-camp for ungdom i helga

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2022

Kommende helg inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til Randonee-camp for ungdom som liker å gå på ski.  – VM i Randonee ble holdt på Kårvatn i fjor, så et mer relevant sted å ha Randonee-camp skal man lete lenge etter, skriver Driva.no i sin omtale av saken


«Barn i løypa» på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. januar 2022

Tysdag 4. januar mellom klokka 17:30 – 18:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 


Besøk nummer 1000 registrert i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. januar 2022

Vi har fått ei lita oppdatering frå trimfronten i Todalen frå leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag og tidlegare skribent her på Todalen.no, Elinor Bolme. Ho skriv: – I dag fekk vi registrering nr 1000 i trimturappen for Toaå Tursti etter oppstarten 1. oktober. Vi er no i desse dagar snart oppe i 3000 registreingar fordelt på 102 aktive trimarar. Todalingane er med andre ord gode på å halde seg i form!