Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje nedbør – fare for flom og ras onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar, gjennom si varslingsteneste varsom.no, om store nedbørsmengder i form av regn onsdag, torsdag og fredag. Dette gjer at det er sendt ut varsel om fare for flom, snø- og jordras i Surnadal kommune. På onsdag er farenivået for snøras i utsette fjellområde på raudt nivå, medan jordras og flom er sett til oransje nivå, noko som betyr nest høgaste nivå for slike varsel. 

Det er meldt om opp mot 200 millimeter nedbør onsdag, torsdag og fredag, for det meste i form av regn. Dette kombinert med «mildvêr» gjer at NVE no går ut med farevarsel for flom, snø- og jordras også i Surnadal kommune for desse dagane. 

Snørasfaren på utsette stadar i fjellet er onsdag vurdert til raudt nivå, det nest høgaste nivået på slike varsel, og inneber stor rasfare i desse områda. 

Med bakgrunn i dette, er det all grunn til å ta omsyn til dei store nedbørsmengdene som er meldt. NVE anbefaler å halde seg oppdatert på situasjonen og å følgje med på varsla som kjem. Har ein verdifulle gjenstandar i kjellarar, bilar eller campingvogner i nærleiken av lange vassdrag eller bekkar, blir ein anbefalt å flytte desse til ein mindre utsett og sikrare plass. Det er og anbefalt å sjekke at stikkrenner, kummar og andre vassvegar er frie for snø/is, jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renne uhindra der det renn til vanleg.  

Har ein tenkt seg til fjells onsdag, må ein unngå dei områda som er definert som rasfarlege, eller aller helst velge ein annan dag for fjellturen! 

Situasjonen som kan oppstå onsdag, torsdag og fredag, oppstår særs sjeldan opplyser NVE, og det er difor all grunn til å ta varsla på høgste alvor understrekar dei. 

For ytterlegare og oppdatert informasjon, gå inn på varsom.no.

Publisert: 10. januar 2022, 18:30