Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2021

Vi fann 75 artiklar i dette arkivet.


Ein liten juleflaum på gang?

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2021

Det har vore mykje nedbør det siste døgnet, med vassføring på rundt 42 m2/sek ved Storfossen, og det ser ut til å stabilisere der omkring.  Per definisjon kan vi nok ikkje kalle dette for flaum, da NVE har definert middelflaum i Toåa til å være minst 74 m/sek – men stor elv er det da etter årstida å dømme.


Opningstider for butikken før jul – søndagsope

Jon Olav Ørsal Fredag 17. desember 2021

Hektisk juleinnspurt på Kårvatn Fjellutstyr – før jul er det gjort ei lita justering av opningstidene,  og for første gong skal vi prøve oss med søndagsope, fortel Gudmund Kårvatn. Komande søndag 19. desember skjer det altså og da er butikken open frå kl 12.00  til kl 16. Nettbutikken er alltid open!


Mykje is i vegbanen!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. desember 2021

Det er meldt om mykje is i vegbanen på Fylkesveg 6145 mellom Øygarden (på Nordvik) og Bleikhammarn (rett før Svinvika). Vi oppfordrar difor alle som køyrer denne strekninga om å vere ekstra oppme og å køyre forsiktig for å unngå skade og farlege situasjonar! Mesta er varsla om saka, og rydding er forventa å bli utført ganske snart!


«The Buzzard Twins» var sterkest på vertikalen

Jon Olav Ørsal Fredag 17. desember 2021

Buzzard Twins – Thomas Bussard og Robin Bussard – var først i mål på dagen vertikal.  Tøff konkurranse i Adamello i Italia, og Trym Dalset-Lødøen hamna på 9.-plass og Erik Kårvatn på 18.-plass og det må vel de to være nøgd med i den sterke konkurransen.


Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. desember 2021

TrondheimSolistene vil også markere det komande nyåret i Surnadal kulturhus. Og denne gongen med eit fyrverkeri av ein solist!



Tøff start på WC i Italia

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. desember 2021

Dagens World Cup-opning i Adamello i Italia var ein tøff start for Erik Kårvatn som stiller i 20-årsklassen på NSFs landslag for første gong.  På prologen i dagens sprintkonkurranse kom Erik på 24.-plass i klassen med totalt 39 deltakarar.  Lagkameraten frå landslaget, Trym Dalset Lødøen kom på 14.-plass i same konkurransen. 


Surnadal kommune – siste nytt om koronavaksineringa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. desember 2021

Frå januar kan du velje mellom Pfizer og Moderna som oppfriskingsdose. Dette melder Surnadal kommune no i ettermiddag. Dette kjem som eit direkte resultat av smitteutviklinga i Norge, og vaksineringa med 3.dose blir difor intensivert rundt om i kommunane over heile landet. 


Kommunehuset stengt for besøk utan førehandsavtale

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. desember 2021

I ei pressemelding tidleg no i ettermiddag får vi informasjon om at kommunedirektøren i Surnadal kommune, ved å vise til dei nasjonale smitteverntiltaka, med verknad frå i dag, har stengt Surnadal kommunehus for besøk som ikkje er avtalt på førehand.


Populært med «balleik»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. desember 2021

Etter at det vart laga ein avtale mellom Todalen Idrettslag og Surnadal kommune, om leige av gymsalen på Todalen skule, har Barne- og ungdomsgruppa hatt fleire «balleikar» på tysdag og torsdagar. Dette har, som vanleg, vore ein populær aktivitet for aldersgruppa 7 – 15 år. 


Innslag fra Toåa på Naturkanal 1 i kveld

Stig Husby Onsdag 15. desember 2021

Kl. 20.30 i kveld (onsdag 15.12) kommer det et innslag fra Toåa, som omhandler den nye prøveordningen med omfattende valdsamarbeid med en enhetlig modell for fiskeutleie, der det både legges til rette for lakseturisme og lokalt folkefiske.


Erik på tur til WC-opning i Italia – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. desember 2021

Som ein del av landslaget i Norges Skiforbund (NSF) reiste Erik Kårvatn i kveld til Italia for å delta i World Cup-opninga i Adamello.  Både torsdagens sprint og fredagens vertikal blir direktesendt, og vi prøver å få link , slik at vi kan følge med på konkurransane. Elles er det og renn på søndag, da det er individuell – i ein spektakulær trasee. Erik er godt budd på sesongen, så det skal bli spennande å følgje med på sesongstarten.