Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2020

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Tenning av adventspålen i Bekkerhagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Adventstida nærmar seg, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. Med tanke på at dette har vore eit spesielt år, på grunn av Koronasituasjonen store delar av året, vil det vere viktigare enn på lenge å lyse litt opp i dagane fram  mot julehøgtida. 


Kom frå Trondheim på skihandel

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Om det ikkje er mange så er det i allfall fleire som tek omaken med å besøke butikken vår for å kjøpe ski. Det er kanskje ikkje så rart, for Kårvatn Fjellutstyr var nærast pionerar da dei starta med sal av slikt utstyr for lenge sia. Marianne Melhus Gautvik tok fredag turen frå Trondheim, og da vart det komplett pakke med utstyr for Marianne og ettersom dette var Black Friday så var det vel rette dagen for å handle utstyr. 


Ha respekt for påkøyrte dyr

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Når dyr blir påkøyrt er det faktisk vår plikt å ta vare og eventuelt sørge for avliving. Fredag morgon vart ein grevling påkøyrt og vart liggande utover heile føremiddagen – og den såg ut til å ha vore påkøyrt/overkøyrt fleire gong utover føremiddagen.  Sørg i det minste for å fjerne dyra frå vegen og varsle politiet som kan sørge for at dyra blir tekne vare på. 


Ane Brun sin musikk blir teater

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Virvelvind» torsdag 29. april neste år og tilbyr i samband med dette «Black Friday»-prisar på billettar i dag, fredag 27.november. Her kan det vere eit mogleg julegåvetips?


Bøy og tøy på arbeidsplassen i ei travel førjulstid

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Torsdag føremiddag gjekk vi oss «midt oppi det» på Hageland Surnadal. Midt i butikken var Ann Kristin i full gang med oppvarming av gjengen på Hageland.  Her var det tydeleg at stive skuldrar- og nakkar skulle løysast opp, og det midt på golvet på arbeidsplassen og midt i arbeidstida.


Flytter hjemover for jobb på Talgø

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2020

En stadig økende etterspørsel etter elementer fra Talgø Bygg har medført behov for utvida kapasitet på prosjekteringssiden, og vi har nå ansatt Emil Haugen Ansnes som teknisk tegner hos oss. Emil er opprinnelig todaling, 26 år ung og utdanna prosjektingeniør, skriver Talgø på hjemmesiden talgobygg.no.


Todalsfjordprosjektet – eitt skritt nærare realisering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. november 2020

På dagens møte i Surnadal Kommunestyre vart Kommunedelplana for Todalsfjordprosjektet vedteken med 22 mot 5 røyster. MDG fremma forslag om å seie nei til Kommunedelplane, men fekk altså berre 5 røyster for dette forslaget. På same møtet vedtok Kommunestyret å gå inn med 1 million for å utvide aksjekapitalen i Todalsfjordprosjektet. I går vedtok Sunndal Kommunestyre, mot 1 røyst, Kommunedelplana, og å gå inn med 1 million i utvida aksjekapital i Todalsfjordprosjektet. 




Dess fleire kokkar, jo meire søl….

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2020

Tysdag kveld gjekk vi oss borti eit kokkelag som hadde planlagt å prøve seg fram med produksjon av leverpostei av elglever.  Dei fortalte at ideen var fødd da jaktlaget, Storli jaktlag, var på elgjakt på Terråk i Bindal kommune. Der har dei vore på elgjakt i mange år, og etter kvart har det vorte felt mange elgar og det har vorte mykje både elg- og hjortkjøt som skal foredlast.  Dermed dukka ideen opp om å ta vare på innmaten og nytta denne i matproduksjon.  Og da var heller ikkje ideen om å prøve seg på produksjon av leverpostei langt unna.


«Julefryd» – Flytta frå Stangvik kyrkje til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. november 2020

Julekonserten «Julefryd» med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og
Astrid Norstad 6.desember klokka 14:00, blir flytta frå Stangvik kyrkje til Surnadal kulturhus. Grunnen til flyttinga er regelen om fastmonterte sete. 


Surnadal kino – Biografisk drama og julefilm på programmet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. november 2020

«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.