Nytt smittetilfelle er påvist i Surnadal
Det er påvist eit nytt smittetilfelle med koronavirus i Surnadal kommune. Personen det gjeld er isolert og nærkontaktar er i karantene. Alle nærkontaktar har karantene i 10 dagar frå det tidspunktet dei sist hadde nærkontakt med den som er smitta. Dette gjeld også etter påvist negativ test. Det er ikkje gitt at alle husstandsmedlemmar til ein nærkontakt automatisk er i karantene. Den som er ansvarleg for smitteoppsporinga, avgjer kva kategori den enkelte nærkontakt høyrer heime i etter ei heilheitsvurdering av smitterisiko.