Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Kristiansund – med god grunn!

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. september 2020

Tysdag kveld tok Søya/Todalen G9/10 turen til Kristiansund for å spele kamp mot Nordlandet på Nordlandet kunstgress. Vêrgudane var ikkje akkurat i god lunet denne kvelden, så det vart ei kald og våt oppleving for laget. Det regna absolutt heile kampen, så det var ein gjennomvåt gjeng som sette seg i bilane for å ta på heimveg etter kampen. 

 I starten av første omgang var det bortelaget som tok kommandoen i banespelet og i målprotokollen. Utover i omgangen kom heimelaget meir med og teikna seg i målprotokollen dei òg. Ved pause var stillinga som ved kampstart, nemleg uavgjort. 

I andre omgang var det heimelaget som kom best i gang. Etter litt justeringar frå trenar Vikan kom bortelaget meir med og hadde fleire gode sjansar utan å klare å putte ballen bak ein god heimekeeper. Med to kjappe scoringar i sluttminutta vart det difor ein knapp heimesiger. 

Det vart ei kald og fuktig oppleving. Foto: B G Ansnes

Trenar Vikan var likevel særs godt nøgd med laget sine prestasjonar og innsatsen. 

Desse spela dagens kamp for Søya/Todalen: Magnar Vikan, Trygve Aleksander Halle, Jakob Ranes, Erlend S. Polden, Olav Gjeldnes og Jens Sancho Ansnes. 

Bortelaget sine mål vart scora av Trygve Aleksander Halle 3 og Magnar Vikan 1. 

Publisert: 15. september 2020, 21:12