Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – Dianas bryllup

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. september 2020

Frå Steinar Hasselø ved Surnadal kino har vi fått følgjande melding: 

Norsk «feelgood» på Surnadal kino frå fredag av, og det er kanskje det som skal til i ei verd som verkar å vere lite prega av slikt for tida.

Og det er spesielt mykje herleg nostalgi for dei som vaks opp på 80- og 90-talet. Her er det visstnok mange favorittbitar av søte minner å forsyne seg av.

I «Dianas bryllup» (12-års-grense) møter vi Diana, som er med på foreldra sin bryllupsfest i kantina på Borregaard Industrier – på same dag som ei meir kjent Diana giftar seg med «sin» Charles. Tretti år seinare, etter å ha studert på nært hald eit foreldrepar som slett ikkje har takla alle kvardagane like elegant, skal ho sjølv gifte seg.

«…morsom, fargerik, nostalgisk og skikkelig bra film», meinte Fædrelandsvennen og kasta venleg nok ein femmar på terningen. Ut får kva vi har registrert, la vel snittet av kritikarane seg på ein sterk firar – eller 4/5 om nokon hugsar den karakteren frå skuletida.

«Dianas bryllup» vil, forutan å gå på dei faste kinodagane (fredag, søndag og onsdag), også bli vist på dagtid tysdag 22. september (kl. 1300).

Brannmann Sam held framleis ut for dei yngste – og snart kjem Knutsen & Ludvigsen med ny film.

Filmprogrammet finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/

Først publisert: 17. september 2020, 06:00 - Sist oppdatert: 16. september 2020, 22:52