Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjermund Øysteinsson Moe vald til nestleiar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. september 2020

Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal har hatt nettbasert årsmøte i dag. Dette som ein direkte konsekvens av Koronasituasjonen. Delegatane frå heile fylket deltok på møtet via nett. På møtet vart utflytta todaling Gjermund Øysteinsson Moe vald til nestleiar for dei komande 2,5 åra.  

Nestleiarvervet i Sykepleierforbundet er eit heiltidsverv. Difor har Gjermund no fått permisjon frå stillinga si som sjukepleiar ved Farstad Omsorgssenter i Hustadvika kommune dei neste 2,5 åra. Gjermund har allereie vore medlem av fylkesstyret i 5,5 år, så det er ein rutinert organisasjonsmann som no overtek nestleiarvervet i forbundet. 

Viktige saker Gjermund vil arbeide med som nestleiar er retten til 100% stilling for alle sjukepleiarar og styrking av sjukepleiartenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Han ser fram til å ta fatt på oppgåvene som følgjer med vervet. 

Vi ynskjer Gjermund lykke til i det nye vervet!

Publisert: 17. september 2020, 11:13