Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2020

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.



Endeleg vart det barn i løypa

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Vi har venta leng på skiføret i vinter, slik at vi har kunna arrangere «Barn i løypa».  Endeleg vart det såpass med snø det siste døgnet, så no er det nypreparerte løyper og fint skiføre i lysløypa på Tjønnmyran, seier Gunnar Nordvik som er leiar i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L.  Dermed vart det hastinnkalling til skirenn og snøleik på Tjønnmyran i kveld, til stor glede for dei mange smårollingane som hadde funne fram skier, akebrett og rattkjelker. 


«Snøkjerringar» på tur

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. februar 2020

Dagens Kløvertur starta i godt ver, litt opplyst og mestå glimt av blå himmel. Men i Todalen er nok veret like skiftande som det var i Granåsen i helga, altså «trønderver»! Det gjekk ikkje lange tida før snøen lava ned, men heldigvis hadde turfølget vit til å snu i tide!


Her skal det klekkast nye todalingar

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Måndag vart vi invitert med på utsetting av øyerogn i Toåa. Rossåa settefisk setter årleg ut smolt og 1-årig yngel, og dersom dei har overskot på rogn blir det sett ut befrukta rogn – øyerogn – i såkalla Vibertboksar.  Til saman var det mellom 19- og 20.000 øyerogn som skulle settast ut på 2 plassar i Toåa.  Nokre vart sett ut ved Romåhølen, medan resten vart sett ut ved Engjavadet i Halanesset. 


Inviterer til skiskytingens dag i Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Indre Nordmøre forsvarsforening inviterer til «Skiskytingens dag».  Det skjer på Gravvold i Bæverdalen laurdag 21. mars, i tidsrommet frå kl. 12.00 til kl. 16.00. Alle er velkomne til å delta.  Indre Nordmøre forsvarsforening er medlem i Todalen.no  


Årsmøtetid for Stangvik historielag – møteinnkalling

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Stangvik historielag minner om årsmøtet i kveld.
Stangvik historielag kallar inn til årsmøte i klubbhuset på Søyabanen måndag 24. februar kl 19:00.  På saklista står vanlege årsmøtesaker, og presentasjon av budsjett og aktivitetsplan for 2020.
Frist for å koma med forslag til saker som skal takast opp på årsmøtet, er 14. februar 2020, til leiar Einar Grønnes. Etter årsmøtet blir det orientering om restaureringa av steinløå oppi Svarrafjellet, og sjølvsagt kaffepause og litt traktering.  Bla vidare for å sjå saklista…


Ledig stilling som kafemedarbeidere i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2020

Våren nærmer seg fort og Svinviks arboret forbereder nå sesongåpning i mai.  Årets sesong starter nemlig 9. mai og varer til 2. august.  Til årets sesong søker arboretet nå etter 2-3 medarbeidere til kafeen i arboretet.  Har du lyst til å prøve deg som kafemedarbeider i Svinviks arboret kan du bla videre og lese mer om dette i stillingsannonsen fra arboretet. 


Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. februar 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 24. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11:00. 


Randohelg med 10-årsjubileum i Dalalia 21. og 22. mars

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2020

Det er for lengst gått ut innbyding til årets store randoarrangement på Kårvatn, der Todalen Idrettslag og Kårvatn Fjellutstyr samarbeider om vertskapsrolla.  Da står  Randonee Kårvatn Individuell på programmet laurdag og Randonee Kårvatn Sprint går på søndag, – og det er Dalalia og kjente toppar som «1040» og Tydalsnebba som er arena for norgescupen denne helga. I tillegg til Norgescup blir det og turklasse med tid og trimklasse. 


Barn i løypa i mandag kveld!

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2020

No må vi nytte skiføret og finvêret til å arrangere «Barn i løypa» sier leiar i TILs Ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik.  Løyper blir køyrt opp i løpet av dagen, og kl 17.30 møtes vi på Tjønnmyran for å ta nokre rundar i lysløypa, er den korte beskjeda vi har fått!  Ta med skiutstyr og […]


Birøktarkurs: lærer seg å ta var på helsa

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. februar 2020

Ein gjeng birøktarar var i dag samla til kursdag i Skulstuå i Todalen. Dagens tema var «sjukdom og hygiene hos bier», og dette er eigentleg eit autorisasjonskurs der birøktarane skal lære seg å ta vare på helsetilstanden i bikubane sine. Kurset går over 4 samlingar, med avsluttande eksamen. Kurset er laga av Norges birøktarlag i samarbeid med Mattilsynet, fortel kursleiar Anders Talgø.


Kunstutstilling: Relasjoner #2

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2020

Lørdag 29. februar kl 13.00 ønsker Surnadal Kunstforening velkomne til utstillingsåpning i Finstuå, Surnadal Kulturhus. 
Denne gongen har dei glede av å presentere keramiske verk av Brit Dyrnes og akvareller av Beate Gjersvold.