Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det barn i løypa

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2020

Vi har venta leng på skiføret i vinter, slik at vi har kunna arrangere «Barn i løypa».  Endeleg vart det såpass med snø det siste døgnet, så no er det nypreparerte løyper og fint skiføre i lysløypa på Tjønnmyran, seier Gunnar Nordvik som er leiar i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L.  Dermed vart det hastinnkalling til skirenn og snøleik på Tjønnmyran i kveld, til stor glede for dei mange smårollingane som hadde funne fram skier, akebrett og rattkjelker. 

Nicole og martine satsa på rattkjelke ned storbakkan. Footo: Jon Olav Ørsal

Det var stor iver for å kome i gnag, og borna stakk ut i lysløypa straks dei fekk ski på beina, og det vart rapportert både ein, to og tre rundar gjennom blåtimen i kveld. Og i pausen var det sjølvsagt servering av varm saft i gapahuken, der det også var fyrt opp på peisen. Reint så triveleg var det når det endeleg vart ein «vinterkveld». 

Marit fyrte på peisen, slik at den som hadde behov kunne varme seg i pausen. Foto: Jon Olav Ørsal

Fine forhold i lysløypa no – utover veka blir det kaldare og temperaturen kan kanskje kome ned mot -10 grader etterkvart. Foto: Jon Olav Ørsal

Gapahuke på Tjønnmyran er eit samlingspunkt – her kan du fyre på peisen for å helde varmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. februar 2020, 20:25