Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2019

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Bli med på juletorg

Elinor Bolme Laurdag 23. november 2019

På laurdag er det klart for julemarked og julegatetenning på Matkroken. Mange har meldt si interesse til å stå på stand for å selge ulike saker og ting. Det blir også ei eiga bod  salg, kjøp og bytte av skiutstyr. Det som ikkje blir seld eller bytta bort må den enkelte ta med heimatt på grunn av manglande lagring.


Linnéa Myhres «Evig søndag» til Surnadal 30. november

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2019

Livet som blogger er glamorøst – sett fra utsiden. På innsiden av boblen går livet med til å telle minutter til det er lov å innvilge seg noe å spise, eller å ta sovemedisin, til dagen er over. Til dagene er over. Teatret Vårt har, i samarbeid med Den Nationale Scene, dramatisert Linnéas Myhres roman «Evig søndag» – et brutalt ærlig teaterstykke om å telle kalorier og vente på vendepunktet.
Følelsen av å verken være verdifull eller viktig stenger venner og familie ute. Livet handler om å vente – på å bli tynnere, eller på likes og kommentarer på sosiale media. Helt til noe tilsynelatende umerkelig, uvesentlig og uventet skjer. Noe gjør det mulig å finne igjen seg selv.


Fjord1: Rute 46 ute av drift

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2019

Sambandet Kvanne – Rykkjem er midlertidig ute av drift, står det i ei ordknapp melding frå Fjord1 kl. 13.46.  – Melder om normal drift i sambandet igjen frå 14:45!


Mildvêr og stabil vêrtype i vente

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2019

Etter ein lang og kald periode er det no duka for litt mildare vêr dei komande dagane. Vi kan faktisk vente oss nokre få varmegrader og søraust vindretning fram til torsdag i neste veke. Da blir det igjen litt kaldare, med nokre få kuldegrader i starten – men altså stabil sør-aust vindretning uten nedbør heilt fram til neste helg.


Julebordet laurdag kveld – enno nokre plassar ledige

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2019

Det er enno ikkje for seint å bli med på julebordet i Todalen ungdomshus laurdag 23. november, fortel Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen IL og vertskap for julebordet saman med Todalen Grendalag. Når påmeldingsfristen gikk ut var det påmeld rundt 60 deltakarar, og det teiknar til å bli eit livat arrangement seier Nils Ove. – Vi har mat og plass til nokre fleire deltakarar, så det er berre å ta med god humør og kome på julebord.


36 meter høgt juletre skal ruve godt på Holmen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. november 2019

Erling Talgø har tenkt på prosjektet med juletre på Holmen i fleire år. No til jul skal det realiserast, fortel Erling og sambuar Maria Hagerupsen til Todalen.no. – Juletreet på bildet er nok i minste laget og juletreet på Holmen blir nok ikkje mykje granbar på. Kanskje blir juletreet på Holmen Norges lengste på 36 meter i ei stålmast som blir bardunert godt fast.


Fjord1 – Redusert kapasitet på onsdag føremiddag

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. november 2019

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Det blir begrenset kapasitet på avgangen 09:45 fra Rykkjem onsdag 20. november, på grunn av transport av farlig gods. Avgangen er begrenset til 12 passasjerer, melder Fjord1.


Volleyball på tirsdagar

Elinor Bolme Tysdag 19. november 2019

Etter to prøverundar med volleyball blir det no arrangert volleyballtrening fast på tirsdagar fram mot jul.  Kl 19.30 i gymsalen på skulen.


Ny fotballeiar i IL Søya

Elinor Bolme Måndag 18. november 2019

I forrige veke hadde IL Søya sitt halvårsmøte kor det er fotballgruppa som har sitt årsmøte. Den sittande leiaren Leif Magne Andersen tok ikkje gjenvalg etter to år i leiarstolen, men valgnemda fekk på plass ein rutinert fotballentusiast i Torgeir Kvendset.


Komande helg: Rekordtidleg start i alpinbakken?

Jon Olav Ørsal Måndag 18. november 2019

Kaldperioden dei siste par vekene har gjort underverker i Sæterlia, og deler av anlegget er klart for å køyrast i gang alt komande helg kan vi lese på Driva.no. Snøproduksjonen har stort sett gått som smurt, og det komande døgnet er det meldt litt «natursnø» som liksom skal toppe det heile.


Bokslepp for nytt årsskrift i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 17. november 2019

Dagens bokslapp vart utsett ein time i ettermiddag for å styre unna straumstansen som Svorka hadde beramma. Men det vart bra oppmøte i Ungdomshuset i ettermiddag, og det nye årsskriftet som er nr 18 i rekkja, var godt motteke. Todalen historielag jobbar godt, og har stor oppslutning i bygdefolket som er interessert og engasjert i den lokale bygdehistoria. I dag var det møtt opp eit femtital interesserte, da lagets leiar John Moe kunne ønskje velkomen.


Yrande liv på skøyteisen

Elinor Bolme Sundag 17. november 2019

Skøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige.  Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart […]