Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Yrande liv på skøyteisen

Elinor Bolme Sundag 17. november 2019

Skøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige. 

Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart isen enda fullare av ivrige ungar og deira følge.

Knut Bergli er over snittet interessert i ishockey og han er nok den største grunnen til at todalingane hatt tilgang til topp skøyteforhold også denne gongen. For å piffe opp skøyteineteressa i Todalen inviterte han Jānis Balandins til ei lita treningsøkt på isen.

Janis bur i Surnadal men er opprinneleg frå Latvia, og har lang erfaring frå både ishockey og landhockey. Noko som har resultert i at han no er i Kristiansund to kveldar i veka for å trene vaksne nybegynnarar i Braatt Hockey.

Og dette enkle tiltaket samla utruleg mykje folk på Bordholmen. Både med og utan skøyter. 

Ungar og vaksne leikar side om side på isen.

Etter at Janis hadde vist fram nokre enkle øvelsar på isen vart det naturleg vis kamp til slutt. Og kven veit; kanskje blir det fleire ishockeytreningar om isen held seg framover?

Under er eit lite bildegalleri frå ein aktiv dag på isen. Alle foto ElinorB

 

 

 

Publisert: 17. november 2019, 18:13