Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2019

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Nye 4H-merker utdelt

Elinor Bolme Laurdag 16. november 2019

Fleire tok turen til Start 4H sin haustfest i dag. Haustfesten er avslutninga på 4H medlemmane sitt arbeidsår, der dei presenterer både sine prosjekt og klubbens aktivitet. Klubben har gjennom året arrangert både medlemsmøter, plastinnsamling, LAN og dugnad på Toåa Tursti.


Mens vi venter på snøen…

Knut J Bergli Laurdag 16. november 2019

Søndag 17. november kl 14.00 er det skøytekurs på Bordholmen. Da kommer treneren til Braatt Hockey til Todalen for å gi gode råd for å bli litt bedre på skøyter. Kurset er først og fremst for nybegynnere, men alle som liker å gå på skøyter oppfordres til å bli med. Det er for barn i alle aldre.


Klappet og klart til fest

Elinor Bolme Fredag 15. november 2019

I ettermiddag var gjengen i Start 4H på plass i gymsalen for å forberede til morgondagens haustfest. 10 spente utstillarar rigga til prosjekta sine og er no klare til bedømming og ikkje minst eit sosialt arrangement i morgon.


Julegrantenning med ny vri

Elinor Bolme Fredag 15. november 2019

Laurdag 30.november vil det bli julegatetenning ved Matkroken Todalen frå klokka 16:15 til ca. 18:00. Todalen Grendalag er arrangør og dei inviterer til nytenking med julemarked i tillegg.


Søyabasar på søndag

Elinor Bolme Torsdag 14. november 2019

IL Søya arrangerer basar i Myrvang søndag 17.nov kl 17.00.  Fotballgruppa markerer avslutning på sesongen denne dagen med deltakardiplom til alle spelarane på dei aldersbestemte laga. I tillegg vil trimgruppa trekkje ut premier frå årets trimbøker.


Søndag blir det strømstans

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. november 2019

På grunn av nødvendig arbeid på strømnettet, blir det søndag 17. 11. strømstans i området Eidet, Melhus, Todalen, Stangvik og Torvik i tidrommet 9:00 – 14:00, melder Svorka Energi, som beklager ulempen dette medfører.  Har du spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.   Legg for øvrig merke til at Boksleppet til Todalen historielag […]


Ein dag med påfyll og mangfaldig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. november 2019

Dagens landbrukskonferanse i kulturhuset samla nærare 120 deltakarar og vitnar om at landbruksnæringa står sterkt i Surnadal. Konferansen er eit samarbeid mellom Surnadal Sparebank, Surnadal kommune, Surnadal bondelag og Todalen bondelag, og har vore arrangert kvart år sia 2007 og er fagleg påfyll med sitt mangfaldige program.
For konferansen hadde litt av kvart å by på, og starta med at ordføraren i Surnadal, Margrete Svinvik, ønska velkomen.


Bokslepp frå historielaget – korrigert tidspunkt

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2019

Søndag 17. november er det klart for premiere for årets årsskrift frå Todalen historielag. Det skjer i Todalen ungdomshus, men på grunn av straumutkobling denne dagen må vi justere tidspunktet, og starter difor kl. 15.00, men elles går programmet som planlagt.


Laurdag: Tid for haustfest i Start 4H

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2019

Komande laurdag kl. 14.00 er det tid for haustfest i Start 4H. Det skjer i Todalen skule, og alle er velkomne til å delta på haustfesta. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling. Servering av kaffi og saft – og noko godt å bita i, melder Start 4H.


God servering og godt samvær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.



Kløvertur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. november 2019

Kalenderen viser at det framleis er nokre dagar til midten av november, siste haustmånaden; men da Kløverturgjengen starta ut på trimtur i dag, viste gradstokken minus 10 grader! Iskaldt, men fint: Låg sol og rim på marka! Retteleg fint og stjerte før!