Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrantenning med ny vri

Elinor Bolme Fredag 15. november 2019

Laurdag 30.november vil det bli julegatetenning ved Matkroken Todalen frå klokka 16:15 til ca. 18:00. Todalen Grendalag er arrangør og dei inviterer til nytenking med julemarked i tillegg.

Det blir så klart tradisjonell julegatetenning og loddsalg, men i tillegg ønsker dei å få til eit julemarked for salg av matprodukt og anna handtverk. Salgsboder blir oppsett mellom Matkroken og Hett og Svett. Om det er interesse for det vil det og bli høve til å selge/bytte brukt sportsutstyr.

Om nokon er interessert i å melde seg på julemarkedet så ta kontakt med – Karin Halle på telefon 416 19 200. 

Er vi heldige kjem nok nissen og innom ein liten tur!

VELKOMMEN helsar grendalaget.

Publisert: 15. november 2019, 05:00