Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp for nytt årsskrift i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 17. november 2019

Dagens bokslepp vart utsett ein time i ettermiddag for å styre unna straumstansen som Svorka hadde beramma.  Men det vart bra oppmøte i Ungdomshuset i ettermiddag, og det nye årsskriftet som er nr 18 i rekkja, var godt motteke. Todalen historielag jobbar godt, og har stor oppslutning i bygdefolket som er interessert og engasjert i den lokale bygdehistoria. I dag var det møtt opp eit femtital interesserte, da lagets leiar John Moe kunne ønskje velkomen.

Dordi Jorunn halle har vore redakstør for årsskriftet og fortalte korleis ho og resten av redaksjonskomiteen har jobba med årsskriftet. Foto: Jon Olav Ørsal

Dordi Jorunn Halle, som har vore redaktør, presenterte det nye årsskriftet og fortalte om arbeidet som redaksjonskomiteen og mange andre hjelparar hadde bidrege med heilt sia dei starta arbeidet i januar og til det vart sendt til trykking i oktober.  Årsskriftet har som vanleg 84 sider som er spekka med lokalhistorie og har stor spennvidde i stoffet. Det er i år med interessant stoff frå tønnefabrikken til Ola O. Nordvik, medan hovudtemaet har vore Start 4H som nyleg feira 50-årsjubileum.  I årsskriftet er det fleire artiklar om Start 4H og minner frå 50 års samanhengande og aktiv drift i laget.  Elles er det skrevet både om bjønnaskyttarar, «Kjøtt og påsse» og frå historievandringa i Husbygrenda i sommar. 

Det er og ein interessant artikkel om sentralen som var kommunikasjonssenteret i bygda i fleire tiår. I denne artikkelen er det intervju med fleire som jobba der og om korleis dei jobba.  Synnøve Gjeldnes Myklebust har og skrevet eit artig portrett om gammelgammelonkelen Lars Gjeldnes som var gammelkaren i Oppistua.  I tillegg har fleire artiklar, dikt og bildegalleri fått plass i heftet på heile 84 sider.

Film frå Start 4h sitt arkiv viste skuronn på gammeldags vis og framover til sjølvgåande skurtrøsker. Foto: Jon Olav Ørsal

På programmet vidare denne ettermiddagen var det filmvisning frå arkivet til Start 4H, der det var skuronn som stod på dagsorden. Filmen viste korleis innhaustinga av korn hadde foregått og viste utviklinga frå den tida der det var bruka sigd og fram til bruk av sjølvgåande skurtrøsker – via sjølvbindarar, treskeverk og andre apparat som skulle lette og effektivisere arbeidet. Dette var ein film som var laga på 70-talet av Anders Talgø og Sven Olav Svinvik.  I filmen var det sjølvsagt mange gjensyn med kjendisar frå 70-talet. 

Siste post på programmet var lysbilevisning frå «minnenes album», der Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe vise gamle bilde og fortalte om kva høve bilda var tekne og korleis dei hadde funne ut kor gamle bilda er. Elles løfta leiar John Moe litt på sløret om neste års program, der det i januar blir ettermiddagskaffe med bunader som tema.  Elles blir det i løpet av vårparten årsmøte og seinare  arrangert kulturvandring i Halagrenda. 

Stor interesse for aktivitetane i historielaget – eit 50-tal møtte opp på dagens bokslepp. Foto. Jon Olav Ørsal

Det var John Moe som ønska velkomen og Dordi Jorunn Halle som presenterte det nye årsskriftet. Foto. Jon Olav Ørsal

Siste post på programmet var bildeglimt frå minnenes album, der Ragnhild A. Moe og Ingri bruset fortalte litt meir om bilde som er bruka i albumet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 17. november 2019, 19:04 - Sist oppdatert: 18. november 2019, 06:21