Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2019

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Ny gåve til «Tursti Toåa» – 100 000 frå MR 4H

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Det var artig å kunne informere dugnadsgjengen om at vi hadde fått eit nytt gledesbrev til prosjektet «Tursti Toåa». Denne gongen var det Todalen IL som vart ein av vinnarane av Draumeplassen Møre og Romsdal 2019, fortel Elinor Bolme i prosjektgruppa for Tursti Toåa.


Fredag: Tradisjonelt kaffelag i skulen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Todalen oppvekstsenter inviterer fredag 7. juni, i tidsrommet 12.00 – 13.30, til det årlege kaffelaget for slekt og vener på Todalen skule.
Da har elevane litt av kvart å by på, både kaffebrød, Quiz og Underhaldning – og sjølvsagt kaffe! Alle er velkomne! Sjå plakaten…..


Blir du med og tek eit tak med riva?

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

I dag blir det ein liten dugnad med klipping av kyrkjegarden, for å pusse opp litt ekstra til sommaren. – Men, det manglar litt mannskap med kantkløppar eller rive til å være med og hjelpe til ei kveldsstund, melder Ragnar Halle som er i «kløpparkomiteen».


Todalen kan bli inngangsportal til Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Tysdag inviterte verneområdestyret til befaring i Todalen, der representantar for grunneigarar, næringslivet, Surnadal kommune, lag og organisasjonar fekk informasjon tankane til verneområdestyret om å lage ei plan og ein portal for ta i bruk verneområdet til turaktivitetar, samtidig som ein i varetek verneinteressene. Det var Hege Sæther Moen, som er verneområdeforvaltar, og Ragnar Halle, styremedlem,  som […]



Klare for ny sesong

Elinor Bolme Tysdag 4. juni 2019

Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.


Kom til nyoppussa hønsehus i Pestua

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. juni 2019

Måndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.


Stavgang i Svinvikrunden

Sverre Kjølstad Tysdag 4. juni 2019

Torsdag 6. juni møtes vi ved Svinvik for å gå Svinvikrunden. Dette er en Stikk Ut tur som er svært mye benyttet, og vi starter langs gamleveien om Langkleiva som ble åpnet i 1898, og var den første veien ut fra Todalen. Framme ved Snøya går en over til en nyere vei som ble åpnet […]


Fin og god turdag på Kårvatn!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. juni 2019

Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.



Solid 4. plass på Nils Erik

Elinor Bolme Sundag 2. juni 2019

I går var Nils Erik Jakobsson Gjeldnes i aksjon under NAF sin landskonkurranse «Trygg på sykkel» i Letohallen på Dal. I gutteklassen var dei 21 deltakarar, og Nils Erik endte til slutt på ein solid 4. plass.  Dei to beste gutane og jentene dannar no eit eit landslag og gjekk  i år vidare til europafinalen […]