Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny gåve til «Tursti Toåa» – 100 000 frå MR 4H

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Her har det kjempa saman med 15 andre gode søknader i denne konkurransen, og vart altså ein av 5 vinnarar som fikk kr 100 000 på visse vilkår. I tillegg får dei prosjekthjelp for å realisere «draumeplassen» sin ved Båthølen.

Sjølvsagt var det knytt vilkår til tildelinga, der både born og unge skulle få være aktive i heile prosessen. Draumeplassen skal også kunne brukast av alle, og prosessen må dokumenterast i tekst og bilete.

Start 4h har vore engasjert i arbeidet med å plukke plast i området. Her er det van Adrian og Jens Sancho som alt har fått mykje plast i sekken sin. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er elles vektlagt at ein tek omsyn til naturen og at søknaden også omfattar tursti og fysiske aktivitetar og gjer bruk av kreativitet og nytenking. Til saman var det sett opp 10 kriteria for tildelinga av draumeplassen som no kjem til å bli realisert i ein flott gapahuk med mykje utstyr.

Tilsaman er det no kome inn rundt 450 000 i form av basarar, minnegåver, fleire pengegåver frå sponsorar, tilsagn om 100 000 frå Surnadal JFF og 100 000 frå Todalen IL.

Mykje er no på plass i dette prosjektet, mellom anna er gode avtalar med grunneigarane underteikna, fortel Michal Heimlund i TIL. Til hausten er det planlagt anleggsstart, og da startar nok dugnadsarbeidet for alvor. Vi reknar med atskilleg mange timar med dugnadsarbeid før prosjektet er ferdig, seier Heimlund

Gavebrevet frå Møre og Romsdal 4H – Todalen IL vann Draumeplassen i MR 2019

Publisert: 5. juni 2019, 18:51