Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen kan bli inngangsportal til Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Tysdag inviterte verneområdestyret til befaring i Todalen, der representantar for grunneigarar, næringslivet, Surnadal kommune, lag og organisasjonar fekk informasjon tankane til verneområdestyret om å lage ei plan og ein portal for ta i bruk verneområdet til turaktivitetar, samtidig som ein i varetek verneinteressene.

Hege Sæther Moen er forvaltar av verneområdet i Trollheimen.   Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Hege Sæther Moen, som er verneområdeforvaltar, og Ragnar Halle, styremedlem,  som representerte verneområdestyret. Hege innleia om korleis forvaltninga kan tenke seg at det skjer ei utvikling av bruken av verneområdet, utan at det går ut over kvaliteten på verneinteressene.

Ragnar Halle er medlem i verneområdestyret og representerer frivillige organisasjonar. Foto: Jon Olav Ørsal

Ei prosjektplan for dette arbeidet er no ute til høyring, etter at området og bruken er kartlagt og det er gjort ein analyse av dette og utarbeidd ein strategi. Målet med dette arbeidet er å auke kvaliteten på besøksforvalninga, samtidig som ein kan få eit styrka vern av naturverdiane. Da kan ein samtidig auke trivsel og stoltheit lokalt og få auka verdiskaping i området rundt verneområdet.

For å få til dette er det påkravd med lokalt engasjement, meinte Hege Sæther Moen, som også meinte at eit utval burde etablerast for å arbeide med dette spørsmålet. Det er eit stort potensiale i Todalen for å utnytte dette. Ein kan nemne i fleng aktuelle stader for slik markering: Kårvatn, Innerdalsmerket, Gammelfabrikken, Tjønnmyran, Todalshytta, Toåa tursti og utafor Matkroken.

Møtelyden som deltok i informasjonsmøtet i Todalen ungdomshus tysdag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

For å få fortgang på arbeidet vart det rådd til at ein setter ned eit utval som kan arbeide med dette lokalt. Det bli peika ut 3 representantar for frivillige lag og organisasjonar, og ein representant frå kommunen som i startfasen blir leia av områdeforvaltaren. Eit slikt utval bør være klart til 15. juni, slik at det kan ha sitt første møte før ferien.

Først publisert: 5. juni 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 4. juni 2019, 21:40