Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2019

Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.


Stor interesse for poding av frukttre

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2019

Det var stor interesse for å lære poding av frukttre i Svinviks Arboret med eit knapt tjuetals deltakarar på podekurset i arboretet. Kurset er for så vidt eit ledd i arbeidet med å restaurere frukthagen som Hallvard Svinvik i si tid etablerte, og dette skjer etter økonomisk støtte på rundt 150.000 frå landbruksdepartementet. Arboretet har forplikta seg til å formidle kunnskap om poding av frukttrær og derfor har arboretet interesserte deltakarar, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret.


Sosial kveld hos Pensjonistlaget

Elinor Bolme Sundag 31. mars 2019

Surnadal Pensjonistlag minner om påmelding til sin trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 19.00. Her blir det enkel middag i restauranten, før det blir kaffe og dans i Gladlaksen med Trond Larsens kvartett.


Hugs: Kløvertur på måndag!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 30. mars 2019

Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 1. april. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00.


Meir pengar til Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2019

Neste helg, nærare bestemt søndag 7. april er det basar til inntekt for Toåa Tursti. Det er eit stykke att før prosjektet er fullfinansiert, men alle monner dreg i rett retning og folk er dyktige til å støtte opp med loddkjøp, seier Elinor Bolme som hadde sin tørn med loddsalg da vi stakk innom laurdag. Du rekk enno å stikke innom butikken for å kjøpe lodd, men det blir også sjanse for forhandskjøp komande fredag den 5. april.


Nytt golfår i emning

Elinor Bolme Laurdag 30. mars 2019

Surnadal golfklubb inviterer sine medlemmar til oppfriskningskurs på reglane for golfklubben tirsdag 9. april kl 18.00. Her blir det både gjennomgang av sentrale reglar og nye regelendringar.  Oddvar Væge og Emil Naterstad står for gjennomgangen som skjer i klubbhuset til golfklubben på Kvanne.


Avslutning Barn i løypa utsatt

Elinor Bolme Laurdag 30. mars 2019

IL Søya melder om at tidlegare annonsert klubbrenn i morgon dessverre er avlyst grunna manglande føre. Sidan det også er meldt ruskete vêr i morgon, flyttar dei avslutninga etter sesongens barn i løypa til neste helg.


Frå søndag er det sommartid, igjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mars 2019

Natt til søndag er det igjen tid for å stille klokka til sommartid. Og regelen for kva veg du skal stille klokka er både enkel og grei. Du skal alltid stille klokka mot sommaren. Om våren blir det da fram 1 time og om hausten stilles klokka tilbake igjen – mot sommaren.



Basar med utstyrsbytte

Elinor Bolme Fredag 29. mars 2019

Søndag 7. april inviterer Toåa Tursti til basar i Todalen Ungdomshus.  I den anledning blir det også byttemarked i kjelleretasjen. Her blir det muligheit for å levere inn bruka sportsutstyr som ein ikkje treng lenger, som kanskje nokon annan har behov for.


Søndag: Bli med på poding av epletre

Elinor Bolme Fredag 29. mars 2019

Vil du lære å lage dine egne frukttre? Svinvik Arboret skal pode frukttrær til egen samling, og inviterer alle interesserte til å bli med og lære hvordan det gjøres, søndag 31. mars kl 12-14. Den som vil kan pode et tre og ta med hjem til egen hage. I år skal det i hovedsak podes epletrær.


Janne Rangnes ny konseptutvikler for Talgø MøreTre

Elinor Bolme Torsdag 28. mars 2019

Talgø MøreTre styrker sin stab i salgs- og marketingavdelingen og har ansatt Janne Rangnes (39) i ny stilling som konseptutvikler, marked. Janne kommer fra stillingen som salgs- og markedssjef i Svorka, og vil være på plass for fullt etter ferien melder de i en pressemelding.


Nye kostar i Norsk Vandrefestival

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2019

Tom Godtland tek over som styreleiar i Norsk vandrefestival etter Ragnhild Godal Tunheim som har styrt festivalen gjennom heile den 12 år lange perioden – først 2 år som leiar i interimsstyret og så 10 år i styret. No flyttar Ragnhild til ny jobb i Nordland, og overlèt bokstaveleg talt leiartrøya til rindalingen Tom Godtland som også får med seg eit styre med mange nye ansikt.