Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå søndag er det sommartid, igjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mars 2019

Natt til søndag er det igjen tid for å stille klokka til sommartid. Og regelen for kva veg du skal stille klokka er både enkel og grei. Du skal alltid stille klokka mot sommaren. Om våren blir det da fram 1 time og om hausten stilles klokka tilbake igjen – mot sommaren.

Sommartid vart innfør i ei rekkje land i Europa alt i 1916. Dette var for å få ein lys time ekstra på kveldstid om sommaren. I Norge vart det sommartid først i 1980, og no føreligg det faktisk forslag frå EU-kommisjonen om å droppe sommartida og ikkje lenger bry oss om å stille klokka fram på våren og tilbake om hausten.
Men i helga – nærare bestemt natt til søndag 31. mars, må du stille klokka fram frå kl. 02 til kl. 03, for å være heilt ajour med tida.

Publisert: 29. mars 2019, 12:31