Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye kostar i Norsk Vandrefestival

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2019

Tom Godtland tek over som styreleiar i Norsk vandrefestival etter Ragnhild Godal Tunheim som har styrt festivalen gjennom heile den 12 år lange perioden – først 2 år som leiar i interimsstyret og så 10 år i styret. No flyttar Ragnhild til ny jobb i Nordland, og overlèt bokstaveleg talt leiartrøya til rindalingen Tom Godtland som også får med seg eit styre med mange nye ansikt.

I tillegg til Godtland er også Trine Kristiansen Glåmen og Egil Nedal nye i styret, og etter årsmøtet er framleis 2 styremedlemar i manko etter som Kristin K. Betten, Trond Eri, Ola Fremo og Nils Helge Evjen går ut av styret. Ragnhild føler seg trygg på at festivalen er i trygge hender, og rettar ein stor takk til Tom Godtland som tok på seg leiarvervet.

Årets festival får base i Svinviks Arboret, der festivalen 10-årsjubileum står på programmet. Det skjer helga 16. – 18. august. Ragnhild held enno programmet for årets festival tett til brystet, men fortel at programmet allereie no er klart. Dette blir nok presentert ved eit seinare høve. Ragnhild rosar dei lokale kommunane og fylkeskommunen som har gjort det muleg å arrangere festivalen, og tykkjer at det er berre sundt at festivalen no får inn nye krefter. – Vi er no komne så godt i gang at eg føler at det no går an å sleppe den.

Svinviks arboret er base for årets vandrefestival Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Godtland seier at festivalen eigentleg er Ragnhilds baby, og at den no har vorte ungdom og skal kome seg vidare. Men han føler liksom at dette blir som å «hoppe etter Wirkola» og føler at det er viktig å kome i gang med arbeidsgrupper så fort som mogleg. – Vi må ta med oss det gode og elles prøve å kome oss vidare, seier Godtland, som vidare seier at dette er distriktsutvikling av beste slag – som vi skal bygge på stoltheit, bulyst og trivsel.

Publisert: 28. mars 2019, 20:10