Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2019

Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.


Nytt 4H-år på gang

Elinor Bolme Sundag 24. mars 2019

Tirsdag kveld er alle frå 4. klasse og oppover invitert til nytt 4H-år i Skulstuå frå klokka 18. Her blir det presentasjon av Start 4H sine aktivitetar framover og litt sosialt samvær med kakao og noko godt attåt i tillegg.


Ein kveld for heder og ære

Elinor Bolme Sundag 24. mars 2019

Taler og godord, god mat og sosialt samvær sto på menyen da IL Søya inviterte til 100-årsmarkering i Bondehuset i går kveld. Kveldens toastmaster Svein Sæter losa dei vel 100 gjestane gjennom ein velykka festkveld der både idrettslaget, sponsorane og enkeltmedlemmane fekk sine velfortjente godord.


Moderat vær, men skikkeleg stormflod

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2019

Værmeldinga har liksom ikkje stått i forhold til værvarslet så langt i dag. Men det har vore skikkeleg stormflod, slik som meldt, og dermed oversvømming på mange plassar i flodmålet på Kvennset, Småbåthamna, Bordholmen, Halsetøran og på Ansnessaga. Vindretninga skal også dreie meir mot nord-vest og blir da kanskje meir rett inn fjordane.


Fjord1 har problem på rute 46 Kvanne-Rykkjem

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2019

For Rute 46 Kvanne – Rykkjem har Fjord1 sendt ut følgande melding: På grunn av dårlig vær er ruten inntil videre innstilt.   Seinare – i 15.30 tida –  er det meldt at trafikken på strekninga er komen i gang igjen, men at forsinkinger kan påreknast.  


Eit av dei første vårteikna

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2019

Når feiebilen dukkar opp, da er det som eit teikn på at våren er i anmarsj. Torsdag var Mesta ute med feiebilen, og vaska, pussa og støvsuga vegkantar langs FV671 inn til Todalen. Det blir mykje støv og lort i samband med strøing og salting gjennom ein lang vinter.


Gullkongekveld i Stangvik

Anita Land Fredag 22. mars 2019

Stangvik Grendalag arranger Gullkongekveld torsdag 28. mars. Forfattar Svein Sæter fortel om «Gullkongen» Fredrik Bruseth, som drog frå Stangvik til Amerika for å betale på gjelda som faren streva med å handtere.


Ein farfar i levet burde alle ha…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2019

Indre Nordmøre Senioruniversitet har møte på Kulturhuset i Surnadal  onsdag 27.mars 2019 kl 1100.  På programmet står Anne Vognild Einum, som fortel om hobbyen sin og viser bilde under tittelen «Ein farfar i livet – – – «.  Kaffe og kake – Billettpris: kr 100 / 150  – og sjølvsagt er alle velkomne!  


Todalen.no – kvar einaste dag, og inn i framtida?

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2019

Stig Husby er styreleiar i Todalen.no på 2. året, og begynner no å bli varm i trøya. Eit lite underskot i 2018 sette eit lite støkk i styreleiaren, og gjer at styret no set i verk tiltak for å sikre årets budsjett og for å legge eit betre økonomisk fundament for framtida. – For ein ting er sikkert, seier Husby, og det er at nyheiter kostar. Det kostar pengar å drive nyheitsformidling, sjølv om det meste av arbeidsinnsatsen har eit sterkt dugnadspreg. No oppfordrar styret i Todalen.no dei 1300 daglege lesarane til å bli med som støttemedlemar – og det kostar ikkje meir enn ein 200-lapp for året!


Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.


Kulturhuset: Heftig mellom to damer og to herrer

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mars 2019

Når søskenpara Hemsing og Larsen slår seg saman, ligg det an til ei gnistrande konsertoppleving i Surnadal kulturhus 25. mars. Dei blir kvar for seg rekna mellom dei ypperste musikarane på sine felt, og summen av samspelet mangedoblar opplevinga, skal vi tru dei som har hørt desse fire før. Måndag vil «To damer, to herrer» presentere eit program som vekslar mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag til verk av Bach, Ole Bull og deira eigen Gjermund Larsen


Årsmøte unnagjort på rekordtid

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2019

Det er faktisk 195 betalande medlemar i Todalen historielag. Mellom 30 og 40 av dei deltok på lagets årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld, og det er jammen bra når ein samanliknar med andre lag og organisasjonar. Todalen historielag er aktivt gjennom heile året, og aktiviserer mange i arbeidet med å samle og sikre bygdehistoria vår.


Søyasjela mellom to permar

Elinor Bolme Onsdag 20. mars 2019

På laurdag er det stor jubileumsfeiring i Bondehuset. Da arrangerer IL Søya sin 100-årsdag med festmiddag og boklansering. Svein Sæter har hatt regien på den ferske jubileumsboka, og vi har fått ein sniktitt i ho, før den store lanseringa på laurdag.