Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein kveld for heder og ære

Elinor Bolme Sundag 24. mars 2019

Taler og godord, god mat og sosialt samvær sto på menyen da IL Søya inviterte til 100-årsmarkering i Bondehuset i går kveld. Kveldens toastmaster Svein Sæter losa dei vel 100 gjestane gjennom ein velykka festkveld der både idrettslaget, sponsorane og enkeltmedlemmane fekk sine velfortjente godord.

Harald Røen fekk etter sin årelange frivillige innsats i idrettslaget utmerkinga Æresmedlem. Dette er den høgaste utmerkinga etter hedersmedlemutmerkinga. Marit Haugen, Magne Hansen og Lars (Moøy) Kvande har også denne høgthengande utmerkinga etter sine mange års innsats for idrettslaget sitt frå tidlegare utdelingar. I tillegg vart Lars Inge Kvande og Knut Haugen tildelt tittelen hedersmedlem.

Leiar i fotballgruppa Leif Magne Andersen tek i mot ein fellesgåve i form av  idrettslagets hovedsponsorar til Bankslettå. Ellbjørg Haugen deler ut på vegne av Svorka, Surnadal Sparebank, AMFI Drift AS, Olaf Moen Intersport, og Talgø.

 

Også Todalen IL var invitert til å kaste glans, noko som leiar Nils Ove Bruset ikkje tok lett på. Han hadde med seg eit måleri måla av Sissel Halset Storslett som han overrekte til IL Søya sin leiar Ann Elin Stenberg.

Torstein Snekvik hadde skreve ein jubileumssong som han framførte saman med Jo Inge Nes og Torbjørn Kvande. Det endte i ståande applaus og mykje godord. 

Songen ligg no ute på Youtube for den som ikkje var til stades: Jubileumsong IL søya 100 år

Styret i IL Søya seier seg nok godt fornøgd med eit vel gjennomført arrangement.

Alle foto: Anita Land.

Publisert: 24. mars 2019, 13:41