Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for poding av frukttre

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2019

Det var stor interesse for å lære poding av frukttre i Svinviks Arboret med eit knapt tjuetals deltakarar på podekurset i arboretet. Kurset er for så vidt eit ledd i arbeidet med å restaurere frukthagen som Hallvard Svinvik i si tid etablerte, og dette skjer etter økonomisk støtte på rundt 150.000 frå landbruksdepartementet. Arboretet har forplikta seg til å formidle kunnskap om poding av frukttrær og derfor har arboretet interesserte deltakarar, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret.

Ola Bruset plantar det ferdig poda epletreet for Sigrid Almvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Katarina er leiar for prosjektet med restaurering av frukthagen medan Sven Olav Svinvik var innleidd for opplæringa i poding av frukttrær søndag ettermiddag. Sven Olav viste korleis podinga foregikk og kursdeltakarane fikk først prøve seg på kvistar, slik at dei sikra seg opplæring i korleis dette foregår for å få godt resultat. Det er veldig viktig at ein har skikkeleg kvass kniv for å få ei sikker snittflate som i neste omgang blir heldt saman og surra med band – og sia tetta med voks.  Etterpå vart den nypoda greina med rotplante planta i krukke med jord, for seinare å bli planta ut i hagen. Deretter er det berre å vente til plantene får gro fast og til dei etter kvart blomstrar og kjem til å bære frukt.  Det kan fort ta 3-4 og kanskje 5-6 år før det blir frukt på trærne.

Katarina Wedelsbäck-Bladh fortel at det har vore rundt 65 forskjellige sortar med epler i frukthagen i arboretet.  I samband med arbeidet med restaurering av eplehagen er det montert eit par meter høgt gjerde for å halde hjort og rådyr unna.  No er rundt 55 av dei 65 sortane som tidlegare fantes i hagen, og fleire av sortane som er skaffa i det siste er komne frå frukthagar i Danmark.  Men Katharina fortel at dei er forsiktige med å få sortar frå andre hagar, da dei er red for å få inn sortar som kan dra med seg sjukdomar inn i frukthagen.

Etterpå var det kaffe og sjokoladekake i kafeterian – Katarina Wedelsbäck-Bladh og Rønnaug Skjærmo. foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det godt med varm kaffe og sjokoladekake i arboretets kaffeteria – og utveksling av erfaring mellom interesserte fruktdyrkarar frå både nært og fjernt. 

Bildeglimt frå podekurset i Svinviks arboret.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 31. mars 2019, 16:33 - Sist oppdatert: 1. april 2019, 22:02