Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2018

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Ein liten flaumtopp i løpet av natta

Jon Olav Ørsal Måndag 15. oktober 2018

Snøsmelting og regnvêret i går kveld laga ein liten flaumtopp i Toåa i 3-tida i natt. Da viste NVEs målestasjon ved Storfossen 78,7 m3/sek og tippa dermed over grensa på 74,3 m3/sek som per definisjon er middelflaum for Toåa. Grensa for 5-årsflum er 86,3 m3/sek og det var eit stykk att dit. For å illustrere kor mykje varn det er tok vi nokre bilder ca kl 8.15 – da var vassføringa komen ned på rund 56 m3/sek.


Rusletur på måndag – blir du med ut på tur?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. oktober 2018

Todalen sanitetsforening inviterer til KløverRUSLEtur måndag 15. oktober. Denne dagen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.


Her bygges det ny kiosk på leikeplassen i Bekkerhagan

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Det har banka og saga på lekeplassen i Bekkerhagan bustadfelt i fleire dagar. – Vi måtte ta ein tur innom for å sjå kva som foregikk, og trefte to habile snikkarar som nytta haustferien på skulen til å bygge kiosk. Markus og Tor Asbjørn fortalte at det er ei stund sia dei starta på jobben. Men når det var snekkering på eit av husa i bustadfeltet vart det plutselig tilgang på material. På spørsmål kva dei bygger, så var svaret at du ser nå vel at det blir ein kiosk.


T.I.L. – Inviterer til julebordfeiring i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Laurdag 17. november blir det arrangert stort julebord i Todalen ungdomshus. Da inviterer Todalen Idrettslag alle sambygdinger til sitt første julebordarrangement. Det trur vi skal gå veldig bra, for vi er vant med store festarrangement og matservering – ikkje minst i samband med hjortfestane som lenge hadde stor oppslutning og gikk for fulle hus, seier leiar i Todalen I.L. Nils Ove Bruset. – Vi trur dette blir artig!


Sesongslutt – siste stavgangtur til Vang

Wenche Ø. Kvendset Torsdag 11. oktober 2018

I det fine høstværet tok stavgang gruppe avslutningsturen for i år med utgangspunkt på skisentret på Vang. Mange glade trimere hadde funnet veien i dag også og endel tok veien opp til Haukarberget. Dette var den siste turen for i år. I sesongen har det vært med godt over 300 trimere på turene og det har gjort godt for kropp og sjel.


Velferdsteknologi – kva er det?

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. oktober 2018

Skal vi bli passa av velferdsteknologi når vi blir eldre? – Det er mange spørsmål knytta til korleis ein kan nytte velferdsteknologien og korleis den kan fremme mestring aktivitet. Torsdag 18. oktober kl 12-14 held Prosjektleiar Tone Bye i Pensjonistforbundet foredrag om dette emnet i kinosalen i Kulturhuset.


Enn å grise til slik på rasteplassen!!

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. oktober 2018

Eit lite tips gjorde at vi tok turen til rasteplassen som ligg ved vegen i Stranda inn mot Todalen. Da vi nærma oss var ein stor flokk med måse og kråke det første vi fekk sjå, men dei letta før vi fikk kamera «skuddklart». Og det var slett ikkje vanskeleg i finne årsaka – mange kilo med fiskeavfall var tippa rett utom kanten på rasteplassen. Her er det duka til kalas både for kråker, måser og kanskje til og med havørn dersom ingen tek affære og fjernar griseriet.


No blir det basartid utover hausten

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Søndag 28. oktober melder Todalen idrettslag om basar til inntekt for Trimgruppa og Ski- og friidrettsgruppa i fellesskap. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 16.00. Programmet står basarbord, åresal og utdeling av premiar for lagseriestemne og for trimbøkene som no har slutta av sommarsesongen.


Songkveld på Eidet Bedehus

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Fredag 19. oktober kl 18.00 blir det songkveld med «Sveinane» frå Levanger (Svein Gjære og Svein Volle) gamle og nye songar med musikk, Ola Bræin sine vakraste salmetonar i ord og på munnspel, Vidar Rygh andakt. God servering og hygge. Set av kvelden og kom! – Arrangør er Normisjon.


Så blir det rekkverk i Brusetmelan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Utbetringsarbeidet i Brusetmelan er i ferd med å kome til vegs ende. Fyllingane er på plass og det er opparbeidd 2 møteplassar, slik at iallfall mindre bilar kan passere kvarandre. No er det rekkverk som står for tur, og tysdag morgon starta arbeidet med å montere rekkverk frå Vangen og innover til vegen som går til Hjellen. 4 mann og 4 bilar får Gjerde fikk unna seg arbeidet og dei rekna med å bli ferdige før dei tok kveld.


Melder om oppstart av planarbeidet for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

IKON Arkitekt og Ingeniør AS i Kristiansund melder om oppstart arbeidet med regulering av Gnr. 137 bnr 69 og 15 – Detaljregulering Talgø, dette gjelder eit område på Kvennsetøran. Les meir om nedanfor


Haustakkefest og konfirmantjubileum

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Laurdag 20. oktober inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsfest med middag og kaffe i Todalen ungdomshus. Da inviteres 50-årsjubilantane både frå Todalen og Stangvik til festa der det blir både underhaldning, quiz og loddsal. Festa startar kl 18:00. Søndag 21. oktober blir det gudsteneste og hausttakkefest både i Todalen kyrkje kl 11, og i Stangvik kyrkje kl 13:30, med Kristin Strand som prest.