Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. – Inviterer til julebordfeiring i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Laurdag 17. november blir det arrangert stort julebord i Todalen ungdomshus.  Da inviterer Todalen Idrettslag alle sambygdinger til sitt første julebordarrangement. Det trur vi skal gå veldig bra, for vi er vant med store festarrangement og matservering – ikkje minst i samband med hjortfestane som lenge hadde stor oppslutning og gikk for fulle hus, seier leiar i Todalen I.L. Nils Ove Bruset. – Vi trur dette blir artig!

Bruset er sjølv leiar for julebordarrangementet, og har god tru for at det blir mange deltakarar.  Han fortel ar det skal bli mykje god og tradisjonell julemat i julebuffeen som skal serverast – han reknar opp både pinnekjøtt, juleribbe i fleire variantar, medisterkaker og pølser – og sjølvsagt mykje godt tilbehør både på tallerkenen og i glasa.  Til menyen hører også eit dessertbord med kaffe som høyrer til.

Todalen I.L. kan å arrangere store festarrangement – her frå Hjortfesta i 2007. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Bruset fortel at opplegget med julebord er ein idé som dei har «importert» frå Torjulvågen, og som har vore ein stor suksess der.  Julebordet vil på ein måte erstatte Hjortfesta som har gått så lenge at den er utgått på dato og nærast gått i stå.  No blir det altså ny giv, og får vi like mykje folk på julebordet som vi hadde da hjortfesta stod på sitt høgste så passerer vi 200 – og da er det fullt! Dette blir også eit rimeleg alternativ – kr 350 pr kuvert for inngang og mat. Drikke kjem i tillegg.

Spesielt oppfordrar Bruset bedrifter, lag og organisasjoner til å delta på årets julebordsfeiring i Ungdomshuset. – Det blir veldig sosialt, og det er da artig å treffe andre folk når ein er ut i slike ærend.

Påmelding
For å beregne matmengde og organisering med borddekking så er det naudsynt med påmelding for dette arrangementet. Det skjer enten på e-post: nils.ove.bruset@gmail.com eller telefon 970 81 093 til Nils Ove Bruset innen 3. november 2018.

Nedafor har vi lagt ut plakaten:

 

Først publisert: 12. oktober 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 11. oktober 2018, 22:14