Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur på måndag – blir du med ut på tur?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. oktober 2018

Todalen sanitetsforening inviterer til KløverRUSLEtur måndag 15. oktober. Denne dagen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.

Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Etter turgåinga blir det kaffe med noko attåt. Er det kaldt og surt ute, blir kaffelaget innomhus.

Treng du skyss, kan du ringe:

Dordi Jorunn Halle, tlf. 92 45 80 07.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur og til sosialt samver!

VEL MØTT!

Sist måndag gjekk Kløverturen utover Haltbakkvegen på Nordvik. Riktig mange var med på ein fin tur, men alle vart ikkje med på dette biletet.

Fin tur på Nordvik. Foto: Jorunn Ørsal.

Publisert: 13. oktober 2018, 23:49