Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Her bygges det ny kiosk på leikeplassen i Bekkerhagan

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Det har banka og saga på lekeplassen i Bekkerhagan bustadfelt i fleire dagar.  – Vi måtte ta ein tur innom for å sjå kva som foregikk, og trefte to habile snikkarar som nytta haustferien på skulen til å bygge kiosk. Markus og Tor Asbjørn fortalte at det er ei stund sia dei starta på jobben. Men når det var snekkering på eit av husa i bustadfeltet vart det plutselig tilgang på material. På spørsmål kva dei bygger, så var svaret at du ser nå vel at det blir ein kiosk.

Det som har foregått no i haustferien er ei oppgradering av det gamle bygget, og så eit tilbygg som skal bli kvilerom – og der var det ikkje lov å kome inn for andre enn dem sjølve – som altså er Markus og Tor Asbjørn – og så Nils Erik da, som ikkje var der i dag.  Du må skriv at det er ikkje lov å klatre opp på taket, sa Markus, som var i tvil om taket egentlig var heilt tett.

Kjekt å kjøpe litt konsulenttenester av nabo Kristian, tykkjer Markus som får hjelp med døra til nykiosken. Foto: Jon Olav Ørsal

På spørsmål om når bygget var ferdig og når opninga av kiosken skulle være, så antyda gutane at det kanskje vart i dag eller i morgon – det spørs om vi får nokon til å steike bakels i dag – men det blir iallfall i morgon. Men no var det travelt med å få ferdig døra inn til bygget – den vart litt tung.  Da var det godt å få litt konsulenttenester med nabo Kristian Gjeldnes, som har meir erfaring.

Snart er kiosken ferdig – kanskje Kristian blir første kunde. Foto: Jon Olav Ørsal

Snart ferdig – oppgradert og med tilbygg eller var det påbygg – eller kanskje det var begge deler? Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. oktober 2018, 13:27