Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2018

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Første event – klart vi er spente!

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Laurdag er det familiedag og rokonkurranse i Svinvika. Det blir det reelle startskotet for vår bedrift og for Svinvik Gard, så det er klart vi er spent, seier Tore Svinvik som er sterkt involvert i firmaet han og kona Kristina har starta – Kristina Svinvik AS. Men laurdag har dei menyen klar – da blir det heimlaga fiskesuppe og vi håpar at det kjem mykje folk, og det har vi budd oss på, seier Tore.


KBK – på Trollheimstur med Thorsen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Aksjon Thorsen – sponsorturen frå Innerdalen til Todalen var ein suksess i fjor. I år gjentek KBK suksessen med Aksjon Thorsen, men turen går i år frå Storlidalen via Gammelseterdalen til Kårvatn og Todalen. – Gudmund Kårvatn blir med på turen som guide og kjentmann på turen gjennom Gammelseterdalen, via Nauståfossen og Kårvatn Fjellustyr.


Opplevingsrik Årnes-dag

Bernt Bøe Måndag 27. august 2018

Grendene har sjel. Entusiastane på Årnes skapte igjen ein opplevingsrik laurdag – med setertur og kultursamling i den gamle skulestua.

Primus motor Svein Årnes i lag med vertinnene Karen Waag, Inger Haugen og Elsa Telstad Bøe pluss ei som vanleg gnistrande opplagt Gunn Signe Aarnes Nisja kunne glede seg over stappfullt grendahus og mange turgåarar.


Full rulle, også når dei litt eldre spelar

Elinor Bolme Sundag 26. august 2018

Surt, kaldt og vått vêrbruk la ingen dempar på hverken innsats eller humør hos dei tre fotballaga som møttes til dyst i Nordmøre Championship på Bordholmen i kveld. Likevel vart ikkje temperaturen på spelarane så høg at det måtte roast ned, eller at nokon vart skadde.


Strikkekaffe med godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. august 2018

Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.


Fotballglede i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

God og vel 500 små og ivrige fotballspelarar fordelt på 13 klubbar i alderen 6-12 møttes til nok ein vellykka Søyacup i dag. Og med 18 års erfaring i cuparrangement kan Leif Magne Andersen som er leiar i fotballgruppa konstatere at alt gjekk etter skjema, nok ein gong.


Koret Credo ønsker nye medlemmer velkomne

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor  i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.


Kven er du?

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Skuleåret har starta opp att, og elevane har allerede byrja på med både fag og leik. VI har fått tilsendt ni portrettintervju som elevane i 5. – 7. klasse har gjort. Dei gir oss sjansen til å bli betre kjent med elevane i 1. og 2. klasse.


Stavgangarane på Ranessetra

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

I går var stavgangarane i regi Surnadal Pensjonistlag på ein fin tur til Ranessetra.  En bra gjeng dro av sted i det fine været.

På Ranessetra vart gjengen tatt vel imot og fekk servert nykoka kaffe fra svartkjelen og nista vart fortært.


Det blir RAUS 2018 i september

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Det har lenge vore uklart om det blir noko RAUS 2018 på Todalshytta i år. No er det avklara at NOPA støttar dette låtskrivarprosjektet for 4. år på rad, og bakgrunnen for det er gode erfaringar og resultat frå tidlegare arrangement, seier Eric Malling på Todalshytta. Malling er glad for at dette no har gått i orden og dermed er det duka for nytt låtskrivarverkstad på Todalshytta frå 23. – 26. september, der arrangementet avsluttes med ny RAUS-konsert onsdag 26. september.


Villaksarrangement for barn og unge

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

Surna Elveeierlag og fiskeutvalget i Surnadal Jeger og fiskeforening inviterer barn og ungdom til Villaksens dag i Skeishølen i Surna tirsdag 28. august kl 18.

Begge desse laga arbeider mykje med rekruttering i Surna og dette blir det siste av mange arrangementer i løpet av årets sesong.


Fredag kveld: Lykkestund i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Fredag kveld kjem Lykkestund-gjengen til Todalen ungdomshus med sin konsert. Det er Svanhild Husby som har teke initiativet til denne minikonsertrunden som starta først i Sagatun sist fredag kveld og som fortsette i Lauvtun i Betna laurdagkvelden og som no kjem til Todalen ungdomshus komande fredagskveld. Dei har fått fantastisk tilbakemelding frå publikum i Sagatun og i Betna. No gler dei seg på fortsettelsen i Todalen og sluttførestillinga i Billaget på Surnadalsøra