Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK – på Trollheimstur med Thorsen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Aksjon Thorsen – sponsorturen frå Innerdalen til Todalen var ein suksess i fjor. I år gjentek KBK suksessen med Aksjon Thorsen, men turen går i år frå Storlidalen via Gammelseterdalen til Kårvatn og Todalen. – Gudmund Kårvatn blir med på turen som guide og kjentmann på turen gjennom Gammelseterdalen, via Nauståfossen og Kårvatn Fjellustyr.

Gudmund Kårvatn blir med som guide og kjentmann på turen over fjellet frå Storlidalen til Kårvatn.  Foto: GK

KBK har her invitert næringslivet på Nordmøre til ein teambuildingsmars, og opplegget for turen er start frå Kristiansund onsdag 29. kl 9.30 og da blir det frukost på bussen på tur til Storlidalen. Frå Storlidalen går altså turen til fots og her settes kursen utover til Gammelseterdalen og til Kårvatn.

Nauståfossen har eit fall på 110 meter – ein flott skue! Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

 

Vel framme på Kårvatn går turen vidare til Bordholmen der det blir høve til dusjing og klesskifte, og litt lett servering av graut og bakels. Vidare blir det sosial samling på Gammelfabrikken, der det blir meir servering og triveleg samvær utover kvelden.  Ved midnatt går turen til Thon Hotel Surnadal, der det blir overnatting før bussen bussreisa går vidare til Kristiansund torsdag.

Først publisert: 27. august 2018, 09:03 - Sist oppdatert: 29. august 2018, 07:06