Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir RAUS 2018 i september

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Det har lenge vore uklart om det blir noko RAUS 2018 på Todalshytta i år.  No er det avklara at NOPA støttar dette låtskrivarprosjektet for 4. år på rad, og bakgrunnen for det er gode erfaringar og resultat frå tidlegare arrangement, seier Eric Malling på Todalshytta.  Malling er glad for at dette no har gått i orden og dermed er det duka for nytt låtskrivarverkstad på Todalshytta frå 23. – 26. september, der arrangementet avsluttes med ny RAUS-konsert onsdag 26. september.

Malling fortel vidare at det blir både nye og gamle deltakarar på låtskrivarseminaret, der dei jobbar med tekster i 2 1/2 dag og avsluttar med konsert.  Kven dette blir er ikkje heilt avklart, men det er stor interesse for å bli med på dette arrangementet. Av lokale kandidatar som har delteke på seminaret er Jo Sverre Sande som deltok i fjor, og han kjem no med ny CD som har tekster som er skrive på låtseminaret. – Det same gjeld Jeff Wasserman og Terje Nordgarden som vi har omtalt her på Todalen.no. I samband med årets arrangement er det planlagt gruppearbeid for å skrive eigen låt til Todalen eller Todalshytta.

Eric Malling er vertskap på Todalshytta, og gler seg på nytt RAUS-arrangement. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Kvar RAUS 2018-konserten blir er ikkje avklart enno, fortel Eric Malling. Dei to første konsertane vart arrangert på Gammelfabrikken, medan fjorårets arrangement var i Todalen ungdomshus. I september er imidlertid ungdomshuset stengt på grunn av reparasjonsarbeid, men det er uklart kor lang tid dette vil ta. Kvar konserten blir vil bli avgjort med det aller første, seier Malling.  Det er imidlertid avklart at det blir busstur frå Oslo til Todalen i samband med arrangementet. – Det blir både enklare og billigare, ikkje minst med tanke på transport av instrument.

 

Publisert: 24. august 2018, 17:58