Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2018

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.


På Nordvik: – Vinterferie med nyttig hogstkurs

Jon Olav Ørsal Måndag 19. februar 2018

Da vi stakk innom Nordvik forsamlingshus i dag var det just ingen vinterferie. 5 kursdeltakarar og ein instruktør var samla rundt bordet, der dei mekka på kvar si motorsag. Dei 5 – var 4 menn og 1 dame, som jobba med skrujarn og skruvnøkkel for å lære det mest elementære med stell av motorsag. Viktig å halde utstyret i orden når ein skal drive med skogsarbeid, og all best er det å gjæra det sjølv, sa instruktør Ingebrigt Landsem.


Kløvertur oppover Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. februar 2018

Måndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.


Blir nok travel vinterferie?

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. februar 2018

Om Markus og Tor Asbjørn er inspirert av skogsdrifta i Halsetlia eller om dei har henta inspirasjonen frå anna hold, det veit ikkje vi. Men ambisjonane var i allfall på plass, og dei ga klart uttrykk for at det gikk mot ein travel vinterferie. Dei to driv si eiga skogsbedrift og stakk innom redaksjonen for å levere første bestilling. I staden for ein stor lasteberar, bruka dei eit gammelt akebrett som sikkert er mykje billigare i drift.


Folketonar frå Nordmøre

Oddveig Helset Halle Laurdag 17. februar 2018

Søndag 18.febr.kl.18.00 ,blir det konsert med Nordmøre Spelmannslag og Damekoret Credo i Ranes kyrkje. Musikken som vi får høyre ber i seg mykje «levd liv» alt frå lengsel og håp , glede og sorg .Det er slitesterke melodiar i dur og moll som har levd gjennom generasjonar.


Ola konkurrerte om bilskruing, og vart fylkesmeister!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. februar 2018

Ola Bolme går i vinter på Kristiansund videregående skule, der han er under opplæring som bilmekanikar Vg2. Ola har nok hamna på rette hylla når han satsa på yrkesfag med køyretøy, for denne veka gikk han heilt til topps og vart fylkesmeister i faget. I midten av april set Ola og læraren Einar Engvik kursen til Hamar for å delta i landsfinalen der.


Is i vegbanen

Elinor Bolme Fredag 16. februar 2018

Fleire fekk seg kanskje ei overrasking på tur it av bygda i dag etter at dei passerte Elskarberget. Der hadde nemleg ein større istapp lausna og ramla ned i vegbanen. Mesta var ute for eit par veker sidan og slo ned is både utover stranda og andre stader i kommunen, men enno kan det vere […]


Årsmøte i Heimbygdlaget

Dordi Jorunn Halle Torsdag 15. februar 2018

Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.


Nyvegen i Falla vart teken i bruk torsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. februar 2018

Torsdag ettermiddag vart nyvegen i Falla offisielt teken i bruk. Vegbanen er no sprengt inn i berghammaren og ligg trygt og godt på fast grunn, og øverste del av vegen er sprengt ned til korrekt nivå. Torsdag vart vegbanen grusa opp, og det er lagt opp midlertidig stabbsteinar. Dermed er det trygt å trafikkere nyvegen for alle og vegen er opna for alminneleg trafikk, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune


I.N.F. minner om årsmøtet på torsdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. februar 2018

Indre Nordmøre Forsvarsforening kallar inn til årsmøte på Hammerstuene, Surnadalsøra, førstkommende torsdag 15. februar kl. 13.00. På agendaen står vanlege årsmøtesaker


Innkalling til årsmøte i Stangvik historielag 2018

Elinor Bolme Tysdag 13. februar 2018

Stangvik Historielag inviterer sine medlemmar til årsmøte på Stangvik oppvekstsenter måndag 26. februar 2018 kl. 1845. Her blir det vanlege årsmøtesaker som saklista viser, samt kaffepause og kåseri med Bernt G. Bøe etterpå.


JEGERPRØVEKURS 2018

Elinor Bolme Tysdag 13. februar 2018

Surnadal jeger og fiskeforening har no ferdig program for årets jegerprøvekurs som startar mandag 5. mars kl. 18.00 på Surnadal vidaregåande skule. Her må ein møte på obligatorisk undervisning, samt delta på ein praktisk del med skyting på Angråmyra til slutt.


Utbetring av glidekant på Nordvik

Elinor Bolme Måndag 12. februar 2018

I dag starta firmaet Arvid Gjerde AS med å utbetre vegsikringa fra Svinvik arboret og utover mot Nordvik. Dei aller fleste har nok sett at glidekanten forlengst har vore moden for utskiftning på deler av strekninga. Den gamle glidekanten sto på trepålar og har gjennom åra komme lengre og lengre ut mot vegskråninga.