Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola konkurrerte om bilskruing, og vart fylkesmeister!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. februar 2018

Ola Bolme går i vinter på Kristiansund videregående skule, der han er under opplæring som bilmekanikar Vg2. Ola har nok hamna på rette hylla når han satsa på yrkesfag med køyretøy, for denne veka gikk han heilt til topps og vart fylkesmeister i faget. I midten av april set Ola og læraren Einar Engvik kursen til Hamar for å delta i landsfinalen der.

Konkurransen var firedelt, fortel Ola Bolme. Første øvinga handla om elektro. Dei skulle finne fram til spenningsfeil i nærlyskretsen til ein bil og måle seg fram til den. Så skulle dei kontrollere kjølesystemet til ein bil. Tredje del var å legge om to dekk på ein bil, med dekkmaskin, og så sette dei på att. Siste øvinga var å ta ut gearkassen på ein motormodell og måle slitasje av kløtsjen, fortel Ola til Trollheimsporten, der vi har saksa saka.

Dei hadde 45 minutt på kvar oppgave, og Ola hadde berre litt tid att på alle øvingane, fortel han. Premien i fylkeskonkurransen var i tillegg til vandrepokal, medalje og eit par reklamegenserar. Han fekk også med seg nokre bilpleieprodukt, så no skal det bli fine og blanke bilar i Todalen, lova han! Vandrepokalen skal imidlertid stå på ei hylle i verkstaden på skulen.

I veke 15 skal han og læraren møte vinnarane frå 12 andre fylke til landsfinale. Etter vinterferien får han greie på kva øvingar som inngår i landsfinalen. Vi gratulerer Ola Bolme med plass i landsfinalen!

Til hausten skal Ola ta lappen, og så blir det læretid hos Surnadal Lastebilverkstad, som må vere nøgd med den nye lærlingen dei tek inn etter at skulen er slutt.

Først publisert: 16. februar 2018, 19:45 - Sist oppdatert: 17. februar 2018, 10:38