Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyvegen i Falla vart teken i bruk torsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. februar 2018

Torsdag ettermiddag vart nyvegen i Falla offisielt teken i bruk. Vegbanen er no sprengt inn i berghammaren og ligg trygt og godt på fast grunn, og øverste del av vegen er sprengt ned til korrekt nivå. Torsdag vart vegbanen grusa opp, og det er lagt opp midlertidig stabbsteinar. Dermed er det trygt å trafikkere nyvegen for alle og vegen er opna for alminneleg trafikk, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. 

Det vil imidlertid bli en del arbeid i området også neste veke, da det skal settes opp ein mur mot vegkanten for å hindre at grus og stein skal rase ut i vegbanen.  Dette arbeidet vil fortsette neste veke, og det tas forbehold om at det kan bli litt ventetid også i neste veke. Men omkøyringsvegen blir open også i neste veke og vil bli godt strødd slik som tidlegare i vinter. 

Stor velvilje frå Todalen I.L. har gjort at omkøyringsvegen har gått gjennom lysløypetraseen i ansleggsperioden. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar Bøe takkar alle som har utvist stort tolmod med vegarbeidet som har pågått i Falla i vinter.  Det gjeld både bebuarane og næringsdrivande ovafor Falla og ikkje minst Todalen Idrettslag som har vist stor velvilje og slept omkjøringsvegen inn på traseen for lysløypa på Tjønnmyra.  Vegarbeidet i Falla skulle være unnagjort på 5 veker, med start i månadsskiftet oktober/november. I staden vart det 15 veker, men da må vi også poengtere at resultatet vart mykje betre.  Dette har si årsak i at gammelvegen rasa ut og arbeidet vart dermed mykje meir omfattande enn først planlagt. 

Seinare i vår vil den siste finishen og montering av skikkelege glidekantar/rekkverk bli gjort, seier Gunnar Bøe i Surnadal kommune, som no er glad for at vegen er opna for ordinær trafikk. 

Slik blir det sett nedover – til våren skal det monterast glidekantar/rekkverk mot elva. Foto: Gunnar Bøe/Surnadal kommune

Vatn Maskinstasjon har vore entreprenør for arbeidet med nyvegen i Kufalla. No ligg vegen på trygg og fast grunn. Foto: Jon Olav Ørsal

I anleggsperioden har det vore omkøyring over Tjønnmyra. Det er bratte bakkar opp dit, men vegen har heile tida vore godt strødd og det har ikkje vore nokre uhell i samband med trafikken derom. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 15. februar 2018, 21:10 - Sist oppdatert: 16. februar 2018, 15:15