Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir nok travel vinterferie?

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. februar 2018

Om Markus og Tor Asbjørn er inspirert av skogsdrifta i Halsetlia eller om dei har henta inspirasjonen frå anna hold, det veit ikkje vi. Men ambisjonane var i allfall på plass, og dei ga klart uttrykk for at det gikk mot ein travel vinterferie. Dei to driv si eiga skogsbedrift og stakk innom redaksjonen for å levere første bestilling. I staden for ein stor lasteberar, bruka dei eit gammelt akebrett som sikkert er mykje billigare i drift.

Vi besøkte dei to som var i fullt arbeid utpå Holå – ovafor Bekkerhagan butstadfelt. Der var det fullt arbeid, der den eine saga og andre bruka øksa. – Dei to har planane klare om at verksemda skal vekse. Den første 50-lappen som dei tjente på første leveransen, vart prompte investert i ny sag som var mykje kvassare og ga auke i produksjonen.

Kva skal dette bli? Dei to var ikkje heilt sikker, men kanskje det skal bli ei arbeidsbrakke etter kvart? Klubbhus vart og nemnt som alternativ. Bra det går mot vår, slik at det går an å være litt lempelig med snølastkrava! Frå venstre Markus som går i 3. klasse og Tor Asbjørn som går i 4. No blir det ei veke med vinterferie – utan lekser! Foto: Jon Olav Ørsal

På spørsmål om neste leveranse så vart det antyda at den kunne vi rekne med å få tirsdag eller onsdag i neste veka, så det blir nok ikkje nokon kjedeleg vinterferie for de to så lenge det er avsetning på produksjonen.  Det er iallfall bra at det går mot vår, så det blir arbeidslys lenger utover kveldane!

Publisert: 17. februar 2018, 18:49