Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Is i vegbanen

Elinor Bolme Fredag 16. februar 2018

Fleire fekk seg kanskje ei overrasking på tur it av bygda i dag etter at dei passerte Elskarberget. Der hadde nemleg ein større istapp lausna og ramla ned i vegbanen. Mesta var ute for eit par veker sidan og slo ned is både utover stranda og andre stader i kommunen, men enno kan det vere fare for utfall av is når sola kjem og timinga startar på dagtid. Både litt utover stranda, men aller mest frå Svinvika og retning Nordvik.

Isen hadde lausna eit godt stykke oppe i berget. Blir det ikkje fjerna maskinelt i løpet av formiddagen vil nok sola ta sin tørn.

Publisert: 16. februar 2018, 09:27