Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2017

Vi fann 49 artiklar i dette arkivet.


FORTSATT LEDIGE PLASSER PÅ GRÅHAUGEN OG VAULEN.

Elsa Jensvoll Måndag 10. juli 2017

Nå er det innspurt for påmelding på barne- og ungdomsleirene. Vi har mange ungdommer som ønsker seg mange unger og ungdommer å være sammen med på leir. For å gi de som har tenkt ekstra mye en mulighet, er det fortsatt noen plasser ledig.


Endeleg vart det nye traktorar

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2017

Nye traktorar har lenge stått på ønskelista i Todalen barnehage, men no kan barnehagen melde at traktorane er på plass og at det er mange habile traktorkøyrarar i barnehagen. Dei nye traktorane er ein i raud farge og ein i grøn, men utanom farga ser dei ut til å være ganske like. – No står det berre på reiskap til traktorane, og det står kanskje rundt omkring i bygda som «tuvokse» utstyr, som barnehagen kan overta?



Månadens bilete: Fotballdamer

Ole Petter Talgø Sundag 9. juli 2017

Etter ei veldig jamn avstemning, kor det skilde berre fem stemmer mellom dei tre mest populære bileta. Til slutt var det Fotballdamer av Tove T. Brøndbo som stakk av med seieren framfor Godt tegn for årets laksefiske? og Frå Storhaugen. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbrakt ved første anledning.


Offisiell opning av hagestua på sjukeheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. juli 2017

På sjukeheimen har dei hatt eit prosjekt for å skape meir trivsel for bebuarane. Talgø Møretre spanderte i fjor ein flott terrasse på austsida av sjukeheimen der det var lett å ta med bebuarane ut på luftetur på ein enkel måte når vêret tilet det.  I same prosjektet høyrte også ei hagestue, der det er tak over haudet dersom det skulle kome nokre regndråpar – som det ofte gjer på disse trakter. No er alt på plass, og fredag var det offisiell opning med ei lita markering.


Todalen slo Bøfjorden i vennlig landskamp

Knut Bergli Laurdag 8. juli 2017

A-laget til Todalen var invitert til Bøfjord for å spille en fotballkamp som en del av årets bøfjordhelg. Kampen er en vennskapskamp mellom bygdene og gir Todalen mulighet til å samle dalens fotballspillere til en slag landskamp mot Bøfjorden.


Vellykka sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 8. juli 2017

Fredagskveld arrangerte fiskeutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening sjøfiskekveld på Nordvik. Med fint vêr, god temperatur og regn som held seg på betryggande avstand møtte heile 24 ungar opp for å prøve fiskelykka på Todalsfjorden. -Dette er jo ny rekord i år óg, kunne Gøran Bolme i SJFF fornøgd konstatere.


Småbruk til salgs i Hallagrenda…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. juli 2017

Frå Finn.no har vi sakset en annonse der småbruket Lykkja (gnr 139 bnr 11) er til salgs, med ei prisantydning på kr 1.350.000.  Våningshuset, som er bygd i 1903, har et bruksareal på 151 m2, med ei tomt på 8200 m2, der det også er med elverett


Håvard fikk besøk frå flyktningemottaket

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juli 2017

Håvard Halset er no lærar på det kommunale flyktningmottaket i Surnadal.  Fredag hadde han invitert heile gjengen som hadde delteke på norskopplæring, og som no deltek på infoprogrammet som driv med sommaraktiviteter på besøk til Halset.  Formålet med besøket var at deltakarane skulle gjøre seg kjente i distriktet, og dei skulle lære meir om korleis den norske kvardagen er.


Robotklipparane leverer på golfbanen

Elinor Bolme Fredag 7. juli 2017

Surnadal Golfklubb er ein offensiv og framoverlent klubb, som også tenkjer nytt i måten å drifte og vedlikehalde den flotte banen sin på. Som den andre klubben i heile landet har Surnadal GK satsa på robotar for å klippe golfbanen. Som tidlegare nemnt er det berre Tjøme GK som har gjort før, mens no også Sandnes GK vurderer ei tilsvarande løysing.


Ny bru på plass i Kvennsetdalen

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juli 2017

I vinter reiste isfåra i Rossåa med gangbrua som gikk over elva nedafor Hopsetra i Kvennsetdalen. Brua låg i elva litt nedafor brufestet, og her var det heilt klart at det mått hjelp av helikopter til for å få ny bru på plass og til å frakte ned restane av den gamle brua. Tysdag kom helikopteret som skulle utføre transporten.


Hageselskap med Ingun Redalen White som utstillar

Elinor Bolme Torsdag 6. juli 2017

I helga stiller Ingun Redalen White ut bilder i galleri Villa Viungen fra fredag 7. juli–søndag 9.juli på Liabø, Vågland. Arrangør er Halsa Kunstlag saman med Frivillighetsentralen, Halsa Ungdomsråd og Villa Viungen AS.