Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håvard fikk besøk frå flyktningemottaket

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juli 2017

Håvard Halset er no lærar på det kommunale flyktningmottaket i Surnadal.  Fredag hadde han invitert heile gjengen som hadde delteke på norskopplæring, og som no deltek på infoprogrammet som driv med sommaraktiviteter på besøk til Halset.  Formålet med besøket var at deltakarane skulle gjøre seg kjente i distriktet, og dei skulle lære meir om korleis den norske kvardagen er.

Poserte villig på 6-hjulingen som stod attmed fjøsveggen. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen.no var med da gjengen kom med busstransport frå Surnadal, saman med dei to lokale veiledarane Beate nes og Eva Østbø – til saman var dei 17 i talet.  Dei kom frå fleire land, der det i dag er krigshandlingar – Eritrea, Somalia, Afghanistan og Syria.  Håvard hadde lagt opp til forskjellige aktivitetar som dei kunne blir med på, men aller først stod bakelssteiking  på programmet – sjølvsagt måtte dei lære seg å ete bakels og smørgraut.  Det var nok mange som lurte på kva bakelsrøra var laga av, men etter kvart som dei fekk smake så fann den eine etter den andre ut at dette smakte da bra.

Ellers stod det både skotthyllkasting og spikarslag på programmet, og det var sjølvsagt også høve til å sjå inn i fjøset for å ta dyra der nærare i øyesyn.  Trur dei fleste tykte at dette var ein interessant og triveleg dag på Halset – værgudene spela da også på lag, og var med å kasta glans over arrangementet.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå besøket hos Håvard på Halset.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. juli 2017, 22:41