Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det nye traktorar

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2017

Nye traktorar har lenge stått på ønskelista i Todalen barnehage, men no kan barnehagen melde at traktorane er på plass og at det er mange habile traktorkøyrarar i barnehagen. Dei nye traktorane er ein i raud farge og ein i grøn, men utanom farga ser dei ut til å være ganske like. – No står det berre på reiskap til traktorane, og det står kanskje rundt omkring i bygda som «tuvokse» utstyr, som barnehagen kan overta?

Det er FAU og borna som skal begynne på skulen som har kjøpt traktorane som eit slags spleiselag, men det vart ikkje nok pengar til utstyr til traktorane, som sikkert nok treng både tilhengar og anna utstyr etter kvart. Har du utstyr til overs, så er det berre å ta kontakt med barnehagan.

Det var stas å få to nye traktorar – no lurer vi på om det er nokon som har utstyr til traktorane til overs? Foto: Ingebord M.

Traktorane vart straks tekne i bruk, og det var berre så vidt det var tid til å ta bilde av dei to nye traktorane saman med heile «staben» som var i barnehagen denne dagen. 

 

Publisert: 10. juli 2017, 18:23