Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jo Sverre trefte publikum heime under konserten i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. juli 2017

Jo Sverre hausta mykje applaus under konserten i Svinviks arboret søndag kveld, og trefte publikum heime med sjølskrevne låter på denne fine sommarkvelden. 

Det var god stemning i arboretet da over 200 kom til arboretet for å høre Jo Sverre Sande i sin første friluftskonsert nokon sinne.  Og dette ga meirsmak både for artisten sjølv og for publikum som hadde teke vegen til arboretet.

Jo Sverre starta med å fortelje at han i desse dager jobber studio med ein ny CD, og antyder at vi får høre både mange nye låter og gamle låter i ny drakt på den nye CD’n.  Ein gammel tråvar i ny drakt vart starten på konserten i arboretet – «Gla du sjer me».  Felles for alle låtene er at dei er skrevne og framførte på rindalsdialekt, og det sette publikum stor pris på.

I tradisjonell stil vart avslutningsnummeret «Der bølgån sle»,  med han måtte også trå til med eit ekstranummer «Takk for det oss ha fått» før han fikk takka av i arboretet.  Godt levert Jo Sverre!

Her finn du eit bildegalleri frå konserten med Jo Sverre Sande i Svinviks Arboret – Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. juli 2017, 20:59