Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Robotklipparane leverer på golfbanen

Elinor Bolme Fredag 7. juli 2017

Surnadal Golfklubb er ein offensiv og framoverlent klubb, som også tenkjer nytt i måten å drifte og vedlikehalde den flotte banen sin på.  Som den andre klubben i heile landet har Surnadal GK satsa på robotar for å klippe golfbanen.  Som tidlegare nemnt er det berre Tjøme GK som har gjort før, mens no også Sandnes GK vurderer ei tilsvarande løysing. 

Handlar lokalt med gode sponsorar på lag

Klubben investerte i 14 store Husquarna robotklipparar før årets sesong. Dette er gjort muleg med lån, eigenkapital og sponsormidler.  Robotklipparane, som er kjøpt hos Eik-Senteret i Surnadal, har som oppgåve å klippe den såkalla «semiroughen» (området litt ute på kantene av banen, der graset klippast på 4 cm).   Kvar klippar har ein kapasitet på rundt 4-5 dekar, dvs. at dei 14 klipperne tar seg av omkring 10 fotballbaner i samlet areal.  Dette sparar klubbens klippemannskap med mange hundre dugnadstimar, som dei heller kan bruke på andre deler av banen.   

Alle robotklipparane har fått sin eigen sponsor, som har inngått ei 5-årig avtale med kr 3000 pr år.  Følgande bedrifter har no fått sin «eigen» robot:  Surnadal  Sparebank, Amfi, Pipelife, Svorka, Gjensidige Surnadal, Sveen Auto, YX Energi, Norutbygg, Consto, Prebo, Porsche Senter Trondheim, Surnadal Næringseiendom, Møbel-Fiske/Fagmøbler og Jon L. Sæter.

Klubbens hovedsponsorer er Surnadal Sparebank, Amfi, Pipelife og Svorka.  Ellers er det 5 øvrige hullsponsorar, skiltsponsorar ved klubbhus og på drivingrange, i tillegg til sponsorer på dei nye robotklipperne.  Klubben har alltid opplevd ei veldig positiv haldning i næringslivet, med stor interesse for å være med på ulike typer samarbeidsavtaler.  Dette har også vært helt avgjørende for å drive golfklubben og den flotte banen på ein forsvarleg måte. 

Profilering både på og utanfor banen

Trollheim Reklame har ordna med foliering av alle robotane. Med forskjellige spreke fargar etter ønske frå kvar enkelt bedrift. Klubben er god til å profilere seg, noko som har gjort at NRK Møre og Romsdal har vist interesse for satsinga. Dei vil derfor komme til Kvanne for å lage ein videoreportasje i løpet av sommaren.

Klipparane leverer. Banen er no i topp stand.

Foto:Surnadal Golfklubb og Knut Haugen

Publisert: 7. juli 2017, 08:00