Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2017

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Søndag: Bli med på aktivitetsdag på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mars 2017

Det er TILs Ski og friidrettsgruppe som slår på stortromma med stor og allsidig aktivitetsdag. Dei byr på skiaktivitetar for borna, der det blir «Barn i løypa», og elles frileik og ikkje minst utdeling av medaljer for aktivitetar i 2016. Elles blir det både pølsegrilling, og nystekte bakels til kaffen.


Sommarjobb som leirleder

Elinor Bolme Onsdag 15. mars 2017

Menigheitene i Surnadal, Rindal og Halsa har bruk for ungdommar mellom 16 og 22 år til sommerleirene på Gråhaugen fjellstue og Vaulen i veke 26 og 30-32.


2.346.000 besøk sia starten i 2009

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mars 2017

Todalen.no har hatt 2.346.000 besøk sia nettsia kom på lufta i august 2009 i kjølvatnet av 100-årsjubileet i 2008. Sia starten har besøkstala gått oppover kvart år. I 2016 vart det 444.000 besøkande, som er ein auke på 22.000 frå året før. Ellers er det stabile forhold i Todalen.no som i 2016 kom ut med eit lite underskot. Nytt frå årets årsmøte er også at Sondre halset takkar av som styreleiar etter 8 år, men han fortsett som styremedlem. Til ny styreleiar er Stig Husby. Husby er ny i styret, og kjem som ein frisk pust med ein allsidig bakgrunn fra media- og reklamebransjen.


Rute 46: kansellerer siste turen i kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mars 2017

Fjord1 melder at rute 46 Kvanne – Rykkjem vil kansellere siste turen i kveld.  – På grunn av dårlig vær blir avgangen fra Rykkjem kl. 22.45 og fra Kvanne kl. 23.00, kansellert.  Turen fra Rykkjem kl. 23.15 blir utført, og deretter blir sambandet innstilt. Ordinær rute blir utført fra kl. 05.15, står det i meldingen.


Breiband til Brusetmarka – Tove var først ute.

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mars 2017

I Brusetmarka har dei venta både vel og lenge for å få fiberbreiband på plass. Tilkoplinga til internettet har på det næraste vore på lykke og fromme, men det siste året har Svorka arbeidd med prosjektet. Først har det vore graving av kabelgrøfter, og utover hausten var det trekking av kabler – og no er altså arbeidet med installasjon kome i gang.


Velkommen til årsmøte i todalen.no

Elinor Bolme Måndag 13. mars 2017

I morgon er det tid for årsmøte i Todalen.no. Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.3o. Medlemmar i form av bedrifter, lag og organisasjonar og støttemedlemmar som har tegna personleg medlemskap er hjerteleg velkomne. Og så klart alle andre som ønsker å følgje med på kva som har rørt seg på nettportalen det siste året.


Mange takk til Bernt og Bernt!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mars 2017

Både sokneprest Bernt Venås og organist Bernt Bøe avslutta i løpet av hausten 2016 tenesta si i Stangvik prestegjeld. Søndag kveld var det tid for å gi dei stor og velfortent takk etter lang, trufast og god teneste.


Mange fikk lære om poding

Jon Olav Ørsal Sundag 12. mars 2017

Svinviks arboret fikk skikkeleg napp på podekurset dei arrangerte. Rundt 2o deltakarar møtte opp for å lære å pode frukttre, og dei fikk først litt innføring i podekunsten, før dei fikk prøve seg på eigne podekvistar med både epletre og kirsebærtre.



Gudsteneste med markering i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mars 2017

Søndag er det gudsteneste kl.17.00 i Stangvik kyrkje. Prost Leif Endre Grutle deltek i gudstenesta og held preika for dagen. Liturg er Torbjørn Brøske. Etter gudstenesta er alle velkomne til samling i kyrkjelydshusetrommet i Stangvik prestegard.


Fine skuterspor til fjells…

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mars 2017

TILs skutergruppe melder om oppkøyrte skuterspor på alle frontar. Det er i dag tidleg køyrt opp spor både frå Innerdalsmerket og frå Øyalia, og til Talgøsetra, Tristeinan og til Skihytta.


«Med Prostata Mot Stjernene» og litt lokalt harselas

Elinor Bolme Laurdag 11. mars 2017

Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow, og ankjem Surnadal kulturhus fredag 17. mars. Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet.