Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Med Prostata Mot Stjernene» og litt lokalt harselas

Elinor Bolme Laurdag 11. mars 2017

Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow, og ankjem Surnadal kulturhus fredag 17. mars.  Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.

Lokale tilpassningar

Og i følge siste utlagte film om forestillinga i Surnadla viser Kjellen at han har lese seg opp på kva som opptek Surnadalingane både når det gjeld skule og regiontilhøyring og ikkje minst Todalsfjordprosjektet. 

Sjå filmen om forestillinga i Surnadal på Driva.no

Fulle hus

Thomas Ryste har i denne runda fått med seg den «steikje fine» Ørjan Liavåg som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope. -Å få jobbe med Klypa er først og fremst veldig artig, og humoren treff meg midt i sunnmørshjartet, seier Liavåg.

Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har vorte allemannseige landet rundt, og ein sikker vinnar i sosiale medier. Showa dreg fulle hus frå nord til sør, til glede for mange hundre tusen publikumarar.

Over heile landet tar folk seg eit lite friminutt og ein god latter når Kjellen legg ut nye sprell på nettet. I showet «Med Prostata Mot Stjernene» bør publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form! Rett og slett Meeeeget oppegåande!

Publisert: 11. mars 2017, 00:33