Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2.346.000 besøk sia starten i 2009

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mars 2017

Todalen.no har hatt 2.346.000 besøk sia nettsia kom på lufta i august 2009 i kjølvatnet av 100-årsjubileet i 2008.  Sia starten har besøkstala gått oppover kvart år. I 2016 vart det 444.000 besøkande, som er ein auke på 22.000 frå året før.  Ellers er det stabile forhold i Todalen.no som i 2016 kom ut med eit lite underskot. Nytt frå årets årsmøte er også at Sondre halset takkar av som styreleiar etter 8 år, men han fortsett som styremedlem.  Til ny styreleiar er Stig Husby. Husby er ny i styret, og kjem som ein frisk pust med ein allsidig bakgrunn fra media- og reklamebransjen.

Styremedlemer saman med den nye styreleiaren. Frå venstre Jon Olav Ørsal, Elinor Bolme, Stig Husby, Jo Gjeldnes og Mari Redalen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Etter årsmøtet er tillitsvalte i Todalen.no samansett slik: Leiar Stig Husby, nestleiar Jo Gjeldnes, styremedlemar: Elinor Bolme, Jon Olav Ørsal, Mari Redalen og  Sondre Halset. Revisor Knut Bergli og valnemnd Frode Grønmyr og Ståle Ansnes.

Under årsmøtet vart det også delt ut premie for årets bilete. Det er nok knytta stor spenning til avstemmingsresultat som vart offentliggjort på årsmøtet. Bjørn Redalen gikk heilt til topps i konkurransen om årets bilete som var ei flott motiv frå Vassdalen i Vindøldalen. Bjørn og familien bor i dag i Rælingen, men gjer snart trønderar av seg. Da kan det kanskje bli fleire flotte motiv til å delta i fotokonkurransen «Dagens bilete» som presenterer nye bilete kvar dag. Vi gratulerer iallfall Bjørn med førstepremien som ei flott innramma forstørring av vinnarbiletet.

VI må prøve å få til eit større engasjement mot ungdomane – både som lesarar og redaksjonelt, seier påtroppande styreleiar Stig Husby.

Vi rakk ein liten prat med Stig Husby etter årsmøtet.  Som påtroppende leiar for Todalen.no er han opptatt av å få fleire unge i Todalen.no – både fleire unge lesarar og fleire unge til å være med og produsere for nettsida.  Dette må vi prøve samtidig som vi må klare å halde på dei eldre lesarane og i konkurransen med sosiale media.  Totalt er det eit stort potensial, trur den nye styreleiaren.

Først publisert: 15. mars 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 14. mars 2017, 23:48