Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2017

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte på rekordtid for historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2017

Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.


Siste strikkekaffe før påske

Elinor Bolme Torsdag 23. mars 2017

Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.


Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. mars 2017

Todalen historielag minner om at dei har årsmøte torsdag 23. mars.

Sjå plakat her:


Ny runde med jegerprøvekurs

Elinor Bolme Onsdag 22. mars 2017

Surnadal jeger og fiskeforening inviterer no til ein ny runde med jegerprøvekurs. Det vil bli oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Endelig program blir tilsendt når dette er klart.


Skuletur til Bollknobben

Elinor Bolme Tysdag 21. mars 2017

Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv presenterer vi i dag eit bilete frå ein skuletur til Bollknobben frå tidleg -50 tal. Ein hyggeleg tur, etter oppstillinga å sjå til.


Vårmesse i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2017

Også i år arrangerer Surnadal Normisjon misjonsmesse på våren. Velkomen til ein hyggeleg dag med sosialt samver og misjon på Eidet
bedehus laurdag 25. mars. et blir loddsal og sal av varer og kaffe/mat frå kl 13. Møte med program og trekning av hovedlotteri, daglotteri og kakelotteri frå kl 16.


Natta og dagen er like lang

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2017

Endeleg har dagen teke igjen natta! I dag er det vårjamndøgn, og da er natta og dagen like lang over heile verda. I dag er det også soloppgang på Nordpolen, og det markerer sjølvsagt at ein startar på sommarhalvåret, og godt er no det!


Skileik med stor innsats

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mars 2017

Det stod ikke på innsatsen da dei minste var samla til barni løypa og skileik på Tjønnmyra i dag. Aktivitetane var samla rundt den nye og flotte gapahuken, der bakelspressa gikk på spreng under arrangementet.  Det var Todalen ILs ski og friidrettsgruppe som stod som arrangør, og kombinerte aktivitetar både for store og små utover […]


Kjøp lodd og vinn…

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mars 2017

Kom og kjøp lodd, oppfordra Nathalie Astrid og Fredrik. Dei to starta innspurten på førehandsalet til TILs ski og friidrettsgruppe på butikken i dag. Det er nemleg siste dag med førehandssal, for søndag ettermiddag er det tillyst stor aktivitetsdag på Tjønnmyra der trekking av lotteriet er ein av aktivitetane.



Velkommen til gratis ski-demo i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mars 2017

Søndag 19. mars arrangerer Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani gratis ski-demo i Sæterlia. Der kan alle som vil få prøve ut lette toppturski fra Skitrab, lettte toppturski fra Zag, frikjøringsski fra Zag samt Splitboad fra Voile.


Skiskytingens dag på Nordmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mars 2017

Lørdag den 18. mars, i tidsrommet 11-14, står Indre Nordmøre Forsvarsforening som arrangør av Skiskytingens dag ved skiskytteranlegget på Nordmarka skisenter.